– Målet er å få endå fleire fridykkarar. Me følgjer dei tett og det er eit sertifikat dei fleste klarar, seier Rune Hobbesland.
– Målet er å få endå fleire fridykkarar. Me følgjer dei tett og det er eit sertifikat dei fleste klarar, seier Rune Hobbesland.

Det er på botn det er kjekt

Ein iskald februarkveld for 17 år sidan, blei Tysvær Sportsdykkarklubb stifta. Draumen var at stadig fleire skulle få oppleve livet under vassflata.

Me sit i kafeen i Tysværtunet, ein strålande fin haustkveld. Formann Rune Hobbesland og nestformann Øyvind Sjo kunne nok tenkt seg å vore på djupare vatn ein slik fin dag.
– Det er nå det er flott å dykke i sjøen. Det er nå det er liv og mykje spanande å sjå, seier Sjo innimellom praten om klubb og nybegynnarkurs.
For det å dykke er ein fasinerande idrett og hobby, som eigentleg passar for dei fleste.
Det er nokre dagar sidan sist me trefte på dei to, då inne i symjehallen saman med eit titals ungdommar som trena både på symjing og dykking under ordna og trygge forhold. Etter ei omlegging for to år sidan har klubben nå stabilisert seg på omlag 60 aktive medlemmar, men har som dei fleste lag, plass til fleire.
– Me hadde langt over 100 ungar i aksjon for ein del år sidan. Då var me ein «plaskeklubb» kor ein skulle bli trygg i vatn. Nå er treninga meir spissa og me prøver å få dei som kjem, til å klare fridykkarsertifikatet. Målet er å få endå fleire fridykkarar. Me følgjer dei tett og det er eit sertifikat dei fleste klarar, seier Rune Hobbesland.

Les heile saka i papirutgåva