Av Mona Terjesen
Hamrane 2 er eit av dei mest prekære prosjekta som Tysvær kommune har lagt på is i noverande spareperiode. 16 unge menneske med funksjonshemming ventar på lovfesta bustadplass og eit dagsenter er sårt trengt. Då budsjettet blei lagt fram før jul i fjor, kom beskjeden; politikarane høyrte på rådmannen og utsette Hamrane 2. Då Tysvær NFU (Norsk forbund for utviklingshemma) inviterte til ope møte på Vepro i slutten av november, sa hovudutvalsleiar for levekår Svein Terje Brekke (KrF) mellom anna dette;
«Me har brukt meir pengar enn me har i budsjettet og no må det sparast. Det er audmjukande for meg å stå føre dykk på denne måten og seie at Hamrane 2 vil ta lengre tid enn planlagt, men slik er det, dessverre. Når det er sagt så er me einige på tvers av dei politiske partia om at Hamrane 2 skal prioriterast. Me ønskjer jo aller helst å behalde planane som dei er. Det er politisk vilje til å gjere dette, men me er i ein slik situasjon at me ikkje kan realisere det no. Me vil føreslå å sjå på prosjektet igjen, og sjå om det er andre måtar å løyse dette på. Så må me komme med eit konkret svar om eit halvt år».
At det var og er tverrpolitisk einigheit om å gjere alt for å realisere Hamrane 2 var tydleg. Men kor lett det er, er ei anna sak. Planen var å flytte barnehagen på Frakkagjerd til Nappatjørn og dermed frigjere areal til Hamrane 2. Men også barnehagen er lagt på is. Så kva skjer no?
Les heile saka i papirutgåva