Endeleg får Roy Helge Hank Furuly Andersen klede å jobbe i. Han purra i to år utan hell. Ein dag etter at Bygdebladet tipsa kommuneleiinga, var problemet fiksa. 
Foto: Mona Terjesen
Noko av det Einar og Veronika synst er kjekkast med denne sporten, er at også ungane kan vere med. Og dei liker det alle saman.

NÆRING: Kårstø 30 år

30 år etter at den første gassen kom inn til Kårstø, kjem boka som tar for seg historia, etableringa – og ikkje minst utviklinga av det kanskje viktigaste industrianlegget i Noreg.

Av Mona Terjesen
25. juli 1985 strøyma den første gassen frå Nordsjøen inn i det nye prosessanlegget på Kårstø. 30-årsdagen blir markert med bokutgiving.
– Etter at det blei bestemt at ei jubileumsbok skulle skrivast, søkte me etter forfattarar. Det stod mellom fire i utgangspunktet, tre av dei utarbeidde søknadar, og Thomas Førde blei valt, fortel kommunikasjonsdirektør i Gassco Kjell Larsen
Førde er for mange kjent som gravande journalist i Stavanger Aftenblad. Han er frå Sveio og byrja si karriere i Nationen. Allereie i 1981 skreiv han si første sak om Kårstø. Sidan den gong har han skrive ei rekke saker – og er antakeleg ein av dei lokale skribentane som best kjenner til gigantanlegget si historie.
– Det er eit stort privilegium å få lov å skrive denne boka. Eg ser fram til å få moglegheita til å grave enda meir og sette meg skikkeleg inn i materien, det begrensa seg då eg jobba som journalist og måtte levere sakene frå meg rakst, fortel Førde, som slutta i jobben i Stavanger Aftenblad då dei la ned haugesundskontoret sitt i vinter.
Jubileumsboka blir gitt ut i eit førsteopplag på 3000 eksemplar, skal vere på maks 300 sider og vil både bli seld både i bokhandlarar og butikkar, og gå til skular og andre kommunale instansar.

Les meir i papirutgåva