Gjestene tok leiinga ved John Sletten frå straffemerket etter 13 minuttar. Torbjørn Stensland utlikna liggande etter ein dryg halvtime. I andreomgang snudde det og Glenn Fjellet fekk pirka Stegaberg i leiinga.
Men etter ein time skåra Lars Sandhåland årets siste mål og det enda 2-2.
– Greit nok resultat i ein relativt bra og jamspelt kamp. Me missar ein del sjansar og dei har eit par i tillegg til dei som dei skårar på. Når det er slikt vêr som i dag er det nesten trist at sesongen er slutt, sa ein sliten Jan Reidar Tjøsvoll etter 85 harde minuttar på banen.
– Enig i den oppsummeringa. I dag var det bra fart på ballen og i ein periode var det mykje å glede seg over. Tror 2-2 var heilt Ok for begge lag, når ein får summa seg litt, seier trenar Thormod Ness.
Solid
På Kåsen vann Falkeid heile 4-0 etter å ha skåra to mål i kvar omgang. Jan Egil Kallekodt og Olav Askeland skåra før pause, og Kallekodt og spelande trenar Frode Hundsnes i 2. omgang.
Dermed blei Falkeid nummer tre bak Etne og Skudenes. Stegaberg blei nummer åtte.
Meir om sesongavslutninga i papirutgåva på torsdag.
M 5. DIV. AVD. 03 2013
Lag S P
1 Etne 22 47
2 Skudenes 22 44
3 Falkeid 22 41
4 Karmsund 22 40
5 Torvastad 22 39
6 Vedavåg 2 21 30
7 Kåsen 21 28
8 Stegaberg 22 27
9 Sveio 22 23
10 Skjoldar 22 22
11 Ferkingstad 22 17
12 Haugaland 22 8
Faktaboks
Stegaberg 2 (1)
Torvastad 2 (1)
5. div. avd. 3
Frakkagjerd kunstgras
0-1 John Sletter (str. 13)
1-1 Torbjørn Stensland (31)
2-1 Glenn Fjellet (55)
2-2 Lars Sandhåland (62)
Dommar André Birkeland, Djerv 1919
Kåsen 0 (0)
Falkeid 4 (2)
5. div. avd 3
Kåsen kuntgras
0-1 Jan Egil Kallekodt (40)
0-2 Olav Askeland (43)
0-3 Jan Egil Kallekodt (60)
0-4 Frode Hundsnes (87)
Dommar: Endre Wetteland, Hellvik