Her blir kvinna tatt hand om av helsepersonell. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Her blir kvinna tatt hand om av helsepersonell. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Hundepatrulje fann kvinna og hunden

Ei hundepatrulje frå politiet fann for kort sida kvinna og hunden som har vore sakna sidan i går kveld. Ho er nå tatt hand om av helsepersonell.

Ein ambulanse og ein legebil blei observert ved avkjøringa til Aksdal sentrum og det er mest sannsynleg at det er der kvinna blei funne like før klokka 16. Like etter kom også hunden gåande langs vegen.
Begge er dermed tatt hand om og fagpersonell og aksjonen som på det meste besto av over 50 friviljuge og eit redingshelikopter er avblåst.
Politiet takkar i ei medling alle som har vore med og leita.