Politikar Svein Terje Brekke og omsorgsjef Annbjørg Lunde ønskjer å informere innbyggjarane om kva det kostar å få eit behandlingstilbod i Tysvær. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Politikar Svein Terje Brekke og omsorgsjef Annbjørg Lunde ønskjer å informere innbyggjarane om kva det kostar å få eit behandlingstilbod i Tysvær.

Spørsmål om betaling

Blir du skriven ut frå sjukehuset og treng oppfølging på ein institusjon må du betale ein eigendel. Nytt? Nei. Godt kjent? Nei.

Under gårsdagens møte i levekårsutvalet blei det stilt tre spørsmål rundt eigendelen som må betalast. Etter at samhandlingsreforma trådde i kraft 1. januar 2012 har stadig fleire blitt skrivne raskt ut av Helse Fonna og må takast i mot av kommunane. At det tilbodet kostar pengar gjennom ein eigendel er det ikkje alle som har fått med seg.
Politikarane i utvalet ville ha svar på:
– Korleis er betalingsordninga på institusjon?
– Korleis er praksis endra etter samhandlingsreforma?
– Kva konsekvensar får dette for brukarane?
Lunde svarar
Omsorgsjef Annbjørg Lunde er den som på vegne av kommunen gir dei eit svar. Saman med leiar av utvalet Svein Terje Brekke har ho invitert Tysvær Bygdeblad til ein kort gjennomgang av desse spørsmåla.
– Det er ikkje så mykje som er nytt, men det er nok ein del fakta rundt dette med eigendelen som er ukjent for folk flest. Eigenbetaling for opphald på institusjon er heimla i «Forskrift om eigenbetaling for kommunale helse- og omsorgstenester». Denne forskrifta er uendra etter at samhandlingsreforma trådde i kraft 1. januar i 2012. Tysvær kommune fylgjer forskriftene og det inneber ingen friperiode etter utskriving frå sjukehuset. Korttidsopphald vert vedtatt der det blir vurdert behov for behandling, pleie- og omsorg på institusjon for ein periode, seier Lunde.

Les svara i papirutgåva