Både Sigmund Lier og Marit Liknes fekk nakkeproblem etter påkjørslar. Sigmund i 2005 og Marit i 1990. Så gode som dei er no har dei ikkje vore sidan ulykkene. 
Foto: Mona Terjesen
Både Sigmund Lier og Marit Liknes fekk nakkeproblem etter påkjørslar. Sigmund i 2005 og Marit i 1990. Så gode som dei er no har dei ikkje vore sidan ulykkene.

Nytt liv med USA-behandling

Etter berre to behandlingar er Sigmund Lier smerte- og medisinfri. Dei siste månadane har heile 16 haugalendingar kasta seg på den effektfulle kiropraktorbehandlinga i USA.

Av Mona Terjesen

Me treff Sigmund Lier og Marit Liknes på kafeen i Tysværtunet. Det er fredag ettermiddag og over fire månadar sidan Sigmund hadde si første behandling i USA. Me har invitert han til eit intervju – for me lurer jo på korleis det går?
– Veldig bra. Eg er heilt utan smerter og medisinar no. Allereie under første behandling kjente eg at nakken kom på plass og smertene slapp. Stikkinga i armane, nummenheita og ikkje minst den store klumpen eg kjente bak auga, som verka heile tida – alt er vekke, det er rett og slett ein heilt fantastisk følelse, fortel lokalpolitikaren blidt.
Marit som no sitt med han har også prøvd behandlinga, ho hadde sin første tur til den amerikanske fjellbyen ved Rocky Mountans i september og reiser tilbake i november.
– Eg måtte ta Marit med, for det var eg som anbefalte henne behandlinga og eg var veldig spent på om ho kom til å ha like god effekt som meg, seier Sigmund med blikket retta mot ho ved sida av seg

Les heile saka i papirutgåva

Ikkje abonnent? Eller vil du gi eit i julegåve?
Vinn gåvekort på 8.000 hos Meny, Aksdal
https://tysver-bygdeblad.no/abonnement/bli-abonnent/