Han lurar på om det kan ha vore på ei anna tomt i nærleiken, men visste klokka 08.00 ingenting om det som blir meldt på mellom anna lokalradiostasjonane.
Tysvær Bygdeblad var og «leita» men fann ingen utbrente trailerar.
– Det kan vere at det har vore brann hos ein av naboane på baksida, slik at det såg ut som om det var her, seier Mortveit.
Og klokka 09.00 melder ein nabo at brannen var på baksida nabobygget til Spar. Der står to utbrente lastebilar.
– Det er nokon som samlar på lastebilar og som har ein del bilar ståande bak bygget som husar mellom anna Avanti. Eg leiger ved sidan av og det er der det har vore brann, seier byggmeister Frode Kallekodt.
Politiet skal i dag undersøke om brannane er påsatt. Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen og det var ikkje fare for at den ville spre seg til bygg eller andre bilar i området.