– Kva gjer ein nå?

Å legge fram eit budsjett i ein kommune kor det dei siste åra har blitt eit nytt bygdeskilje er ikkje lett.

Gjer ein nokon i Skjoldastraumen glad, skuffar ein fort nokon i Tysværvåg.
For om rådmann Arvid S. Vallestad gliser på bilete på side 4 kan han berre glømme og tru at kampane i lokalsamfunna våre er over.
Den fotballglade rådmannen skal få tre tips om kor taklingar bakfrå kan komme, kanskje allereie i kommunale møter i dag.
Skule og skulegrenser, satsinga i søre-Tysvær og satsinga i Aksdal.
La oss ta skulegrenser først.
Å slå saman klassar på dei små skulane kan bli ei løysing på ein del av spareplanen. For mange av dei føresette er ikkje dette noko ukjent fenomen og vil neppe skape den store debatten. Men når ein begynner å snakke om å flytte på skulegrenser, ja då stiller ein seg lagleg til for ein takling og to. Allereie same kveld som denne tanken blei sådd var dei første på tråden. Dei bur og soknar til Frakkagjerd barneskole i dag. For mange av dei er det lite interessant, etter å ha flytta hit, å begynne å planlegge korleis dei skal få ungane trygt til Førre.
Elles kjem skulen godt ut av det nye budsjettet.
Så er det søre-Tysvær. Om det var nokon som reagerte over skulegrenser så er dei i mindretal i forhold til dei som allereie på gruppemøta i timane etter budsjettframlegginga rasar over at denne delen av kommunen nok ein gong er glømt.
Representantar frå fleire parti har lova knallhard kamp og bruker uvanleg sterke ord om både rådmann og ordførar, sjølv om sistnemnte denne gongen ikkje var med på framlegginga. Men det hjelper ikkje, for nå er politikarar og entusiastiske innbyggjarar med postadresser i sør «møkk lei» av lovnadsbrott, tåkelegging og stadig nye bortforklaringar. Det begynner å gå opp for dei at det som blei lova i valkampen sist, for lengst er historie. Her blir det snakk og grisetaklingar, Vallestad.
Til slutt kjem brannfakkelen Aksdal. Kven skal betale for Aksdal by? Aksdal Senterutvikling (ASU)? Tysvær kommune eller andre etablerarar som ennå ikkje har komme på banen? Slik eg tolkar det er kommunen villig til å forskottere summar opp mot 60 millionar og skal få desse pengane tilbake gjennom tomtesal. Det er muleg det berre er meg, men tomtasal kan umuleg vere «bankers» i eit prosjekt kor det skal investerast over mange år og kor mykje av innhaldet i «byen» i bestefall er i hovudet på den som står ved teiknebrettet.
Eg minnest eit sitat frå ordførar Harald Stakkestad: – Me skal ikkje bruke ei krone i Aksdal, utanom det kommunen sjølv treng, det skal dei som skal utvikle Aksdal gjere.
Me får sjå på det.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør