Rådmann Arvid S. Vallestad er positiv til framtida i Tysvær. Han ønskjer mellom anna å forskottere 60 millionar til «nye» Aksdal sentrum og ny privatbarnehage i Skjoldastraumen. 
Foto: Mona Terjesen
Rådmann Arvid S. Vallestad er positiv til framtida i Tysvær. Han ønskjer mellom anna å forskottere 60 millionar til «nye» Aksdal sentrum og ny privatbarnehage i Skjoldastraumen.

Satsar på sentrum

Kjøpesenter, nye bustadar, barnehage i Straumen og eit fullgodt alternativ til Hamrane 2. Det var ein positiv rådmann som la fram det nye budsjettforslaget måndag kveld.

Av Mona Terjesen
I dag ligg saka om «nye» Aksdal sentrum på bordet til politikarane i teknisk utval. Under rådmannen sitt framlegg til budsjett på måndag, kom det fram at han ønskjer 100 nye bustadar ved Bongsatjørn og 100 bustadar på taket av det planlagt nye kjøpesenteret sør for E134. 54 millionar kroner ser kommunen for seg å få inn på tomtesal i forbinding med prosjektet, samtidig forskoterer rådmann Arvid S. Vallestad med 60 millionar i investering.

Tre alternativ
Rådmannen og økonomisjef Tor Leif Helgesen ser for seg at det skal gå fint å få kjøparar til bustadane, og dekninga for kommunen si investering får dei gjennom tomtesalet til Aksdal Senterutvikling. Går alt som dei ønskjer, vil det nye kjøpesenteret og dei første bustadane stå klare allereie i 2017. I alternativet som rådmannen rår politikarane å gå for (alternativ 2) er det også lagt opp til nye rampar og gang- og kjørebru i vest, ny lokalveg sentrum sør, rundkjøringar på lokalveg/ramper i vest. Kollektivtrafikkanlegget blir altså flytta til sørsida av E134, som følgje av det nye stamvegkrysset. Som trinn 2 ser Vallestad for seg eit «lokk» over E134, slik at sentrum heng saman. Om politikarane er villige til å forskotere så mykje som rådmannen ønskjer, gjenstår å sjå. I dag stemmer dei over dette alternativet og to andre; alternativ 1 går på å legge miljølokk over «nye» sentrum og alternativ 3 går på å i staden bygge eit kjøpesenter vest for Tysværtunet.

Les meir om budsjettet i papirutgåva