Elevane som skal starte i 1. klasse neste år skreiv seg inn denne veka. Her frå Førland. Foto: Astrid Eide
Elevane som skal starte i 1. klasse neste år skreiv seg inn denne veka. Her frå Førland. Foto: Astrid Eide

Den viktige signaturen

Denne veka har neste års førsteklassingar blitt skrivne inn på skulane i Tysvær. Ei stor oppleving for store og små.

148 elevar er per i dag meldt opp til skulestart neste haust. Sjølve innskrivingsdagen er ofte prega av ei omvisning, helsing på lærarar og fadderar.
På Førland er 4. klassingane fadderar og impoenrte dei nye elevane med mellom anna framføring av Ylvis sin song The Fox (What Does the Fox Say?).