Du veit du er frå Tysvær…

… når du er best?
På Facebook er det ei side kor ein kan legge inn meir eller mindre morosame uttrykk og hendingar som viser at du er frå kommunen vår.

Artig måte å huske historia vår på. Men når den same historia skal skrivast ned mellom tjukke permar ein gong må eit av hovudkapitla vere at det å vere ung og komme frå Tysvær heilt opplagt er ein fordel.
For det er ikkje ende på kva ungdommar med røter frå vår del av landet klarer å utrette når dei slepp til. Me har padlarar på nasjonalt toppnivå, me har songartistar på internasjonalt nivå både innan jazz og pop. Me har basketballspelarar, musikantar og ikkje minst Alexander Søderlund. Og nå Noregs tøffaste.
Geir Kåre Cemsoylu Nyland frå Frakkagjerd har dei siste vekene vore med på NRK 3 si storsatsing med same namnet. Det har verkeleg vore ein tøff konkurranse kor både psykiske og fysiske utfordringar har stått i kø for ungdommane.
Å kunne sitte heime og heie på ein sambygding gjer noko med oss. Slik var det då LidoLido fekk spelemannspris og Alexander Søderlund debuterte på landslaget til «Drillo». Uansett kor dei bur i dag og kven dei representerer så vil dei for alltid vere ein av oss.
Kvifor er det slik?
Ungdommar frå Tysvær viser igjen og gjer det ofte med ein sympati som gjer at ein blir glad i dei. Ein treng ikkje like musikken, eller laget dei har suksess med. Ein treng heller ikkje vere treningsnarkoman for å like Geir Kåre. Dei har nemleg eit vinnande vesen, i tillegg til sine ferdigheiter.
Dette bør vere noko å merke seg også når me «vanlege» skal ut og representere tysværbuen. Det kan vere i skulesituasjonar, i arbeidslivet eller når me reiser ut i verda. Det å vere sympatisk er ein eigenskap som ofte blir sett i skuggen av andre målbare resultat som karakterar, inntening eller andre rangeringar.
Det å komme frå Tysvær er ein status som svært ofte blir knytt til noko positivt. Våre unge ambassadørar har dei siste åra vist at ein kan komme langt.
Denne gongen ei oppvisning i psykisk og fysisk sjølvkontroll. Det er berre å gratulere Geir Kåre, krysse av i taket for eit nytt sterkt bidrag i merkebygginga av kommunen vår.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør