Mannskapa i Nedstrand gjer ein formidabel jobb med utdatert utstyr og dårlege lokale.
Foto: Mona Terjesen
Mannskapa i Nedstrand gjer ein formidabel jobb med utdatert utstyr og dårlege lokale.

Ingenting før i 2016/17

Brannbilen i Nedstrand er så dårleg at verneombodet nå har sendt eit ope brev til politikarane.

– Me hadde venta at det ville vere midlar i neste års budsjett til å oppgradere brannstasjonen i Nedstrand med eit utbygg og ein «ny» brannbil. Som verneombod for mannskapa i Tysvær er det med uro eg ser budsjettet som rådmannen har lagt fram. Eg ser på det som min jobb å varsle politikarane i Tysvær om kor dårleg det står til, seier Ole Jonny Espevold.
Dagens brannbil er gammal og for liten. Den har fleire gonger blitt omtala som utdatert. Espevold meiner den også er ein falsk tryggleik for dei som bur i dette området, samstundes som den er lite tilfredstillande for dei som er i brannvesenet i Nedstrand.
– Dette er ein brannbil som langt i frå oppfyller dei krava som er komme frå Direktoratet for sikkerhet og beredskap (DSB) noko Tysvær kommune har fått kritikk for tidlegare. Eit eksempel på eit kapasitetsproblem er at når me kjem fram til ein husbrann må røykdykkarane vente med å gå inn til me er kopla på vassnettet. Vasstanken på brannbilen er altfor liten til å kunne starte eit slikt arbeid på ein forsvarleg måte, seier verneombodet.

Les heile saka i papirutgåva