Økonomisjef i Tysvær kommune Tor Leif Helgesen lover at dei som har betalt gebyr på papirfaktura til SFO, barnehge og kulturskule det inneverande året, skal få pengane tilbake – om det viser seg at praksisen er ulovleg. 
Foto: Mona Terjesen
Økonomisjef i Tysvær kommune Tor Leif Helgesen lover at dei som har betalt gebyr på papirfaktura til SFO, barnehge og kulturskule det inneverande året, skal få pengane tilbake – om det viser seg at praksisen er ulovleg.

Kan ha brote lova i 10 månadar

Tysvær kommune har sidan januar kravd fakturapålegg på rekningar til SFO, barnehage og kulturskule. Dette kan vere eit lovbrot og kommunen legg no ned praksisen med det same.

Av Mona Terjesen

Det var ein tipsar som førre veke gjorde Tysvær Bygdeblad merksam på den omstridde fakturapraksisen som kommunen driv.
¬– Einaste grunnen til at me byrja med fakturagebyret var for å få fleire til å velje elektronisk betaling – for papir er dyrt. Det er også meir praktisk for begge parter og har ein miljøverknad, forklarar økonomisjef i Tysvær kommune Tor Leif Helgesen.
Han innrømmer at dei burde tatt forholdsreglar og vore meir observante på kva som er lovleg å legge gebyr på og ikkje – og kva det er tvil om. No ventar kommunen på eit svar frå fylkesmannen i Rogaland – om praksisen dei har ført sidan nyttår faktisk er ulovleg.
– Det er ikkje heilt lett å sjå om det er ulovleg eller ikkje, påpeiker Helgesen. Både Forbrukarombodet og Kommunanes Sentralforbund (KS) seier at det «formelt sett ikkje føreligg rettslege hinder for slike gebyr» og «Etter KS si vurdering må det ikkje nødvendigvis føreligge ein lovheimel for å krevje
fakturagebyr. Det avhenger av kva tenesteområde det dreier seg om. Det må først avgjerast om det i det heile tatt er høve for å ta betalt for den aktuelle tenesta. Her er det såkalla legalitetsprinsippet avgjerande – det vil seie kravet til lovheimel eller anna heimel».
– Me avventar til vår fylkesmann fastslår klart – om det er lovleg eller ikkje, seier Helgesen.
– Kva gjer de i mellomtida?
– Me kutter ut fakturagebyra med det same.

Les heile saka i papirutgåva.