Av Mona Terjesen
Heilt sidan barnehagen og den nye industrivegen i Skjoldastraumen blei droppa i budsjettet og økonomiplanen i fjor, har eldsjeler stått på for å få politikarane til å forstå kor sårt behov det er for å få på plass både barnehage og ny veg. To av dei er Maren Økland og Svein Dalva. Me treff dei på grendehuset fredag morgon for ein prat.
Viktig veg
4. november la som kjent rådmann Arvid S. Vallestad fram sitt budsjettforslag, der seier han at ein privat barnehage i Straumen er det gunstigaste. Slik han ser det står det mellom å ta opp kontakten med Trygge Barnehager eller gjere grendesenteret om til fleirbruksbygg og flytte barnehagen inn dit permanent. Sidan sistnemnte alternativ er så dyrt, tilrår altså Vallestad den private løysninga. Så er det opp til politikarane å avgjere om barnehagen og den nye vegen – som også er med i rådmannen sitt forslag, blir noko av. Dei starta gruppemøta sine på måndag.
– Me har blitt lova ei løysning mange gonger tidlegare, slik sett er me framleis i same situasjon i dag som før. For ingenting er bestemt før politikarane har sagt sitt, men denne gongen har me meir tru på dei. Me trur ikkje dei kjem til å gå mot rådmannen sitt forslag. Me har hatt god dialog med politikarane heilt sidan me blei droppa i budsjettet i fjor, og dei har alle sagt at dei ønskjer å komme med ei løysning for oss. Den satsar me på kjem no, seier Økland.
– At også vegen kjem er utruleg flott. Me har snakka mykje om kor sårt me treng ein barnehage, men me treng like mykje – kanskje enda meir ein trygg skuleveg for ungane våre, så den ser me veldig fram til å få på plass, seier Dalva.
– Ja, for når det kjem til skulevegen så handlar det tross alt om liv som kan gå tapt, nikkar Maren Økland.
Dei to er einige om at trass i at ny veg i desse sparetider økonomisk sett er kostbart, så er den ei nødvendigheit. Slik sett er det ikkje snakk eit kostnadsspørsmål.
Les heile saka i papiravisa.