Skal me seie nei?

Sundagsopne butikkar. Det høyres på ein måte ut som gode minner frå ferie i ein eller annan storby på kontinentet.

Nordmenn på jakt etter ei gåve og to å ha med seg heim. Eller, dei same nordmennene på jakt etter det dei glømte å kjøpe dagen før, ein sundag på Raglamyr i lokala til Bunnpris.
Nå kjem debatten om ein skal opne for sundagshandel i stor skala i Noreg. Høgre har lova at dei vil komme opp med ei politisk sak, samstundes som dei vil lytte til både næringslivet og folket om det er ei trong for dette.
Det finst allereie gode meiningar for og imot.
Dei som meiner dette er ein god idé er til nå i eit mindretal. Dei meiner det må vere fritt å ha lov til å selje sine varer heile veka og at det vil styrke handelsnæringa. Dei meiner at det er det same om ein står i ein butikk og sel varer eller om ein er på vakt på eit sjukehus. Dette vil også opne for at fleire kan få jobbe meir (større stillingar) og det kan også gi fleire arbeidsplassar.
Nei-stemmene fryktar dyrare prisar på varene på grunn av at dei tilsette må ha høgare løn (raud dag) og at ein får ein ekstra dag med faste utgifter. Dei fryktar også at dei tilsette «må» jobbe meir og at dette utløyser trong for barnepass, SFO eller andre utfordringar knytt til borna heime. Dei fryktar også at dette vil gå utover kjernetida i norske familiar kor familien er samla, den eine dagen i veka.
Opp i alt dette er det to ting som skil seg ut. Inntening og spørsmålet om dette er noko me eigentleg treng.
At det vil koste å ha ope sju dagar i veka er det ingen som tvilar på. Spørsmålet er om ein tar inn dette i meirsal. Tar ein utgangspunkt i kor mykje kvar av oss bruker på handel, så er det mange som tvilar på om det beløpet vil stige om ein får ein handledag ekstra. Då blir summen på kvar enkelt delt på sju i staden for seks, noko som økonomar neppe vil kalle «god butikk». Eg er ikkje i tvil om at mange vil ta seg ein tur i butikken på «kviledagen», for det har ein sett mange døme på, spesielt på denne tida av året. Spørsmålet er om dei totalt sett vil bruke meir pengar.
Eg meiner likevel det viktigaste spørsmålet i denne debatten er om me treng ein ekstra handledag.
Vil ei opning for sundagsopne butikkar gjere at fleire ufrivillig må gå på jobb. Vil dette gjere at ungane våre må ha barnevakt også den siste dagen i veka og vil me få eit samfunn kor endå meir fokus skal vere på sal, handel og opningstider.
Eg meiner argumenta frå dei som seier nei, til nå har vore betre enn hos dei som vil ta kampen og seier ja. Det same meinte eit fleirtal i ein marknadsundersøking som blei presentert i Dagbladet.
Så får me sjå kven politikarane lyttar til.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør