Slik blir den nye traseen rundt Aksdalsvatnet i sør. Ein draum for turgåarar og syklistar.
Ill: Ing. John Alvseike
Slik blir den nye traseen rundt Aksdalsvatnet i sør. Ein draum for turgåarar og syklistar.

– Ein fantastisk mulegheit

Draumen om ein tursti rundt Aksdalsvatnet er i ferd med å ta eit langt steg mot realisering.

Snautt seks kilometer med grusa turveg kan stå ferdig i juni om idrettskonsulent Geir Stakkestad og leiar for veg i Tysvær kommune, Johnny Wannberg, får det slik dei vil. Frå Eikeskog via Skeiseid og til Frakkagjerd vil det då vere muleg, både å gå og sykle i fantastisk natur.
– Me ser at «Hårfagrerittet» går ut med at traseen skal vere ferdig til rittet i byrjinga av juni. Vel, me får sjå kva me klarer, målet må vere at traseen då er ferdig nok til å ta imot syklistane, smiler dei to.
I mange år har det vore ein draum for turfolket å kunne gå rundt Aksdalsvatnet. Nå er teikningane klare og det meste på plass. Rett nok skal Fylkesmannen godkjenne planane, men verken Wannberg eller Stakkestad kan sjå at det nå er hinder i vegen som gjer at planane ikkje kan godkjennast.
– Dette har vore ein lang prosess kor me nå har fått til gode avtalar og kor dei siste brikkene straks er på plass. Det me skal lage anbodspapir på er ein omlag seks kilometer lang grusa sti med bredde 2,5 meter. Det blir lett kupert og deler av løypa blir godt tilrettelagt for alle brukargrupper. Dessverre er det ein del bakkar som ikkje lar seg gjere å få lagt om, slik at ein kjem rundt heile løypa tildømes i rullestol, men det er mulig å lage seg eigne «turløyper» i det nettet me nå får, seier dei to.

Les heile saka i papirutgåva