Espen Markhus ser fram til å spele i Sysco Arena. Å komme «heim» med eit knippe av landets beste spelarar er noko han har gleda seg til lenge.
Espen Markhus og Frøya tapte mot Kongsberg. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Espen i toppoppgjer

Ein har kjempa lenge for å få ein BLNO-kamp lagt til Tysvær. Når det endeleg kjem besøk er det Noregs to beste lag som kjem. På Frøya Espen Markhus frå Grinde.

Frøya speler heimekamp mot Ammerud 14. desember og det er nummer ein og to på tabellen i eliteserien i basketball (BLNO).
– Det var heilt utruleg at me skulle få eit toppoppgjer då me endeleg lukkast å få ein kamp til Tysvær. Nå er det opp til oss å lage basketfest for fullsette tribunar, seier Knut Markhus i Tysvær Magic.
Nå startar den hektiske innspurten for arrangørane som ser føre seg at omlag 20 funksjonerar må på plass for å ta i mot BLNO-sirkuset.
– Dette skal vere ein kamp både spelarar og publikum skal hugse. Det blir cheerleading, underholdning og sjølvsagt sal av popkorn. Kan ikkje arrangere basket utan det, smiler ein spent Markhus.
Espen Markhus frå Grinde er ein av spelarane på Frøya.

Les kva han trur om kampen i papiravisa.