På eit år er det blitt 1018 fleire arbeidslause i Rogaland. – Me opplever ei nedkjøling i arbeidsmarknaden, og me ser det særleg i bygg- og anleggsbransjen og industrinæringa, påpeiker konstituert fylkesdirektør i NAV Rogaland, Anneline Teigen.
– Eg vil presisera at to prosent arbeidsløyse er lågt, og at Rogaland saman med Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har den lågaste arbeidsløysa i Noreg, seier Teigen.
På landsbasis er arbeidsløysa 2,6 prosent av arbeidsstyrka.
Arbeidsløysa aukar
Arbeidsløysa aukar i alle næringsgrupper, med unntak av undervisning og akademiske yrker. Størst auke ser me i bygg- og anleggsbransjen og industrinæringa, med høvesvis 259 og 282 personar (50 og 36 prosent) samanlikna med november i fjor.
4921 personar er heilt utan arbeid i november. Av desse er 2845 menn og 2076 kvinner. 4,2 prosent, eller 206 personar, av dei arbeidslause er permitterte frå sine stillingar, og 165 av desse er menn. I Rogaland er det 1018 fleire personer arbeidslause enn for eit år sidan. – Denne auka utgjer 26 prosent. Men me må hugse på at arbeidsløysa i fjor var på 1,6 prosent, påpeikar Teigen.
Mange arbeidslause med utanlandsk statsborgarskap i bygg og anleggsbransjen
Av dei arbeidslause som har jobba i bygg og anleggsbransjen er 40 prosent norske statsborgarar, medan 60 prosent har utanlandsk statsborgarskap, og av dei igjen er 38 prosent polske statsborgarar. – Bygg- og anleggsbransjen er ei konjunkturutsett næring, og tendensar og utviklingstrekk vart ofte synlege tidlegare her enn i andre bransjar. Bygg og anleggsbransjen treng fortsatt folk, men i mindre grad enn tidlegare, seier Teigen.
Færre ledige stillingar
1422 stillingar vart utlyst i november. Dette er ein nedgang på 16 prosent samanlikna med november i fjor. Det er store skilnader mellom næringsgruppene. Til dømes er det fleire ledige stillingar i bygg og anleggsbransjen, undervisning og i akademiske yrka, medan det er stor reduksjon i utlyste stillingar blant ingeniør- og ikt-fag, butikk og salsarbeid samt industriarbeid.
Kommunevise forskjellar
Fleire kommunar i Ryfylke samt Lund kommune heilt sør i Rogaland har færre arbeidslause enn i fjor på denne tida. Men jamt over aukar arbeidsløysa, særleg i bykommunane. Haugesund har lågast prosentvis auke, med 4 prosent, mens Stavanger aukar med 26 prosent, Sandnes med 27 prosent og Karmøy med 39 prosent.
Intervjuet er gjort av NAV-Rogaland.