Idrettskonsulent Geir Stakkestad saman med nøgde vinnerar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Idrettskonsulent Geir Stakkestad saman med nøgde vinnerar. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ny «Gå tur» suksess

Tysværbuen elskar å gå tur i fjellet. Det må vere konklusjonen etter at over 300 har levert inn sine «Gå tur» kort.

Tysdag var det rigga og klart for premieutdeling til nokre av dei heldigaste turgåarane. Idrettskonsulent Geir Stakkestad hadde funne fram konvoluttar med gåvekort både på kulturhuset og frå Intersport.
– Det er kjekt å dele ut premiar når det er så mange som er med å går turar i Tysvær. Dette er berre toppen av isfjellet. Det er minst like mange som har gått turar, men som ikkje har sendt inn kortet. Eg ser at fleire her er gjengangarar. Yngstemann Magnus har vunne minst to gonger før, smiler Stakkestad.
Men slik er det å ha flaks, og Magnus Askeland frå Sagbakken var berre ein av fem glade vinnarar som var invitert til ein kort seremoni.

Vinnerane:
10 turar, gåvekort kr 3000 frå Intersport: Ellen S. Ellingsen, Nedstrand.
8 turar, gåvekort kr 2000 frå Intersport: Magnar Mortveit, Aksdal.
Barn og unge: Gåvekort Intersport kr 1000: Arvid Halleland, 12, år, Førre.
Gåvekort kr 500 Tysværtunet: Ann Kristin Frøyland, 13 år, Skjoldastraumen.
Gåvekort kr 500 Tysværtunet: Magnus Askeland, 6 år, Sagbakken

Les heile saka i papirutgåva