2+2= ca. 5

Kva er det med norske ungdommar og matematikk? Og kva er det med politikarar som skal motivere og løyse dette «store» samfunnsproblemet.

Kvar gong det dukkar opp tal som viser at norske ungdommar slit i matematikk blir det raskt spaltemeter av det i norske aviser og ein flyttar på andre nyhende på fjernsynet. Ingen skal komme og seie at ein ikkje tar dette på alvor.
Likevel sit eg igjen med nettopp det spørsmålet; gjer ein faktisk det? Kjem det fram løysingar på problemet? Og kva meiner ungdommen?
Denne veka har me nok ein gong fått eit innblikk i ungdommane si tenking. Det er spennande materie. For mange av dei som faktisk slit med matematikken i 10. klasse har store ambisjonar for framtida. Svært mange av dei ser for seg både hus, bil og fast jobb innan kort tid. Få bekymrar seg over 1-arar eller 2-arar i matte. Det skil seg ut i forhold til mange andre ungdommar i Europa, som gjer det betre i matte, men som har eit langt mørkare syn på framtida.
Ei av skyteskivene når dårlege tal frå skulen kjem opp er sjølvsagt lærarane. Og då gjerne høgskuleutdanninga. Ein av dei mest informative debattane når det gjaldt lærarutdanning var på NRK for ikkje lenge sidan. Der blei politikarar utfordra på korleis ein kan løyse dei svake matteresultata.
Svaret var skremmande. Hev karaktergrensa for inntak på lærarskulen.
Dette er skremmande på fleire måtar. For det første er det ein skivebom fordi det neppe kan dokumenterast at om ein berre har høg nok karakter som 19-åring på veg inn på lærarutdanninga er alle problema løyst. Slik utdanninga er vil ein tilegne seg kunnskap under dei fire åra på høgskulen, som vil skikke studentane til å undervise i matematikk. Eit av område dei vil få utdanning i er pedagogikk, kunsten i å lære frå seg. I eit klasserom på ungdomsskulen er det langt fleire faktorar som spelar inn enn at læraren kan sin matematikk. Trivsel, samhald, respekt og motivasjon er minst like viktige faktorar. Når skular brukar millionar av kroner på trivselsprogram, må ein sjå at dette er ein del av det å tilegne seg kunnskap, og ikkje berre tiltak for å hindre mobbing eller uønska åtferd.
Eit poeng som kom fram i debatten var at urovekkande mange studentar i dag nærast må jobbe fulltid for å kunne ha råd til ta høgare utdanning. At ein lærarskulestudent må ta seg fri frå forelesingar eller gruppearbeid fordi han eller ho har vakter på Shell-stasjonen eller på KIWI, bør bekymre politiklarane her i landet langt meir enn kva karakter dei tar med seg ut av den vidaregåande skulen. Stipendordningane i Noreg står til stryk, og det gjeld ikkje berre for dei som skal bli lærarar. Skal ein styrke den høgare utdanninga i landet må det meir pengar på bordet. Langt meir.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør