Ei blanding av storm, regn og snø gjer det utriveleg i Tysvær akkurat nå. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ei blanding av storm, regn og snø gjer det utriveleg i Tysvær akkurat nå. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Alle snakkar om vêret…

Det er eit forferdeleg vêr over store delar av Vestlandet akkurat nå. Her er varselet for det neste døgnet:

Meteorologens tekstvarsel:
FREDAG:
Rogaland: Nordvest liten og periodevis full storm 25 m/s, frå fredag ettermiddag sterk kuling 20, periodevis liten storm 22. Snøbyer.
Det er allreie meldt om flygande gjenstandar fleire stadar på Haugalandet, utan at det er meldt om alvorlege skadar så langt.
Aksdal Senter har vore føre var og har tatt ned juletreet på taket og fleire har sikra både drivhus og andre lette gjenstandar med store stropper.
Posten har hatt problemer i dag og akkurat nå klokka 14.00 meldest det at ferjene i Boknasambandet står.