Hanne Sørvaag gav rikeleg av seg sjølv under konserten i Tysværtunet. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Hanne Sørvaag kommer til Tysværdagen neste lørdag. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sjarmert i senk

Det var ikkje nokon klassisk julekonsert, men du verden for ein entertainer Hanne Sørvaag er. Og med mange kjære i salen blei det ein sjarmerande kveld.

Det var ikkje kvelden for «Glade Jul» eller «Et barn er født i Betlehem». Det var vel strengt tatt litt på grensa å kalle det ein julekonsert.
Nydelig førjulsmusikk, i spedd eit par perler frå eigen katalog og eit par klassikarar. Alt med utgangspunkt i Hanne Sørvaag si nylig utgitt «Christmas lights».
Konserten i Tysværtunet viste på mange måtar fleire sider ved Sørvaag si spanande karriere. For sjølv om mange av songane var av nyare dato, spelar ho på opplevingar frå den gongen ho var lita, heime på Sørvåg. Og med farmor og tante Ellen i salen blei det eit sterkt bakteppe.
Juletre
Difor var det eit par ekstra som snudde seg og kikka opp mot tante Ellen då Sørvaag nydeleg framførte songen om tanta sitt fantastiske Amerika-inspirerte juletre. «One Little Christmastree» var blant konsertens høgdepunkt.
Med ein tett og solid musikalsk trio til hjelp sjarmerte songaren oss med den eine songen etter den andre. «Say hello to goodbye», var nydeleg, «Little drummer boy» det same. Forsiktige versjonar, ja, vel, men når heile salen held pusten samstundes, så blir det fint.
Ai, ai
Ein konsert med Hanne Sørvaag er open for det meste. Ein veit ikkje heilt kva som kjem. Hu hadde funne plass til Grand Prix slageren «My hart is yours», men elles var det som sagt mykje nytt. Men sånn plutseleg så sto ho der med sitt kjende smil og sine smilehol.

Det er så herleg publikum her i Tysværtunet

– Det er så herleg publikum her i Tysværtunet. Eg er verkeleg kommen heim. Nå vil eg synge to nydelege julesongar for dykk.
«Auld Lang Syne» og «Det hev ei rose sprunge» viste kva kavliteter Sørvaag har som vokalist. Det var så stille i salen at ein høyrte kvar ei rille på gitaren til Svein Olav Hyttebakk, nærast pulsen til gitarist Stian Tønnesen og neglene som skrapa på tangentane til pianist Karl-Dag Kjosavik. Det var akkurat så vakkert som dei mest optimistiske hadde våga å håpe på.
Konserten blei runda av med «Farytaile of New York» og den aller beste frå plata, «Oh, December».
Nøgd
Etter konserten gjekk dei nemnte cd-ane unna som varmt kveitebrød. Smilande fans fekk autografar og bilete. Sørvaag hadde tid til alle. Sterkaste var likevel møte med familien, etter at stillheita hadde nådd kulturhuset.
– Så kjekt å sjå dokker alle saman her. Det gjer godt. Håper det var ein kjekk konsert, sa Sørvaag og gav rikeleg med klemmar til slekt og vener.
– Korleis er det å reise rundt å ha konsertar, mens andre spring rundt i butikkar på jakt etter julegåver?
– Det går heilt fint. Eg likar dette svært godt og det å få spele julekonsertar er ekstra stas. Då er folk i god stemning og dei vil roe litt ned. Dette var ein herleg konsert framføre eit herleg publikum. Det var som eg sa undervegs, verkeleg å komme heim.

Faktaboks

Julekonsert
Hanne Sørvåg
Tysværtunet
Svein Olav Hyttebakk, Stian Tønnesen og Karl-Dag Kjosavik
220 frammøtte
1 t. 20 min
Dette spelte dei:
Shiny Jukebox
Christmas Lights
One Little Christmastree
My heart is yours
Something with an A
Say hello to goodbye
Littel Drummer Boy
Hot Chocolate & Marshmellows
Auld Lang Syne/Det hev ei rose
Oscar & Me
Days that end with Y
If I´d have know
Fairytale of New York
Oh, December

Skjermbilde 2013-12-11 kl. 21.57.21