Her skulle det vore eit synleg gangfelt. Vegvesenet lover å gjere noko på Frakkagjerd.  Foto: Mona Terjesen
Foto: Karina Søvik

Årets 3. «Juleengel»

Birgith Lilleskog smiler bredt om dagen. Med barnehage, kunstgrasbane, leikeplass, badeutstyr og treningsrom «på plass», kan eldsjela frå Nedstrand ta juleferie med senka skuldrer.

Av Mona Terjesen
«Dei får til så mykje i Nedstrand». Har du høyrt denne påstanden før? Det er for så vidt ikkje berre ein påstand heller – for det stemmer jo, dei får til veldig mykje i Nedstrand. Men det krevjar også. For det er ikkje slik at kommunen auser ekstra av pengesekken der. Nei… bygda er full av patriotar og eldsjeler som syter for at dei får det dei treng – og gjerne meir til. Ei av desse, som stadig står på for bygda er Birgith Lilleskog, og det er meir enn grunn god nok til å få Tysvær Bygdeblad sin juleengel.
Birgith flytta heim til Nedstrand i 2005 og har sidan vore engasjert i mykje for bygda.
– Det byrja med familiebadinga og sidan har det bare bala på seg. No har me også utvida tilbodet i symjehallen til to gonger i veka. Måndagen har me familiebading for ungar frå 0 år til andre klasse og foreldre. Torsdagen er det bading for 3.,4. og 5.klasse, fortel ho.

Søker midlar
Trebarnsmora har stått på parolen for barnehagen, kjempa for kunstgrasbane, søkt og fått midlar til ny leikeplass, utstyr til badebassenget og nytt treningsrom. Og stien har blitt til mens ho har gått den. For midlar kjem ikkje av seg sjølve.
– Det har vore eit generasjonsskifte blant dei frivillige i Nedstrand. Me har på mange måtar måtta funne opp krutet på nytt. Me var usikre i starten, men no føler me at me har fått meir tak på ting og er veldig nøgde med det som skjer i bygda vår, seier Birgith.
Ho sitt som kasserar i bygdehuset og nestformann i idrettslaget. Til dagleg er ho sjukepleiar på Nedstrandstunet og har tre barn (Emma på 6, Tiril på 7 og Mats på 10) og mann (Kay Arne) heime. Dagane hennar er med andre ord fulle, men rivjernet kvilar ikkje på laurbæra – uansett kor mykje gjennomslag ho og dei andre frivillige har fått til no. Nedstrandsgjengen har stadig fleire planer, og søkinga om midlar har dei for alvor fått taket på.
– Det er utruleg mange moglegheiter. Ein kan søke midlar mange stader, ein må berre finne ut kor – og ikkje minst korleis. Eg har tatt to kurs hos Friluftsrådet, eit om kor ein kan søke og eit om korleis ein søker. Tidlegare har me gjort ting på «gamle måten» og leita etter sponsorar og «gått frå dør til dør», men no er me altså meir inni dette med å søke. Og det handlar faktisk berre om å vite kor ein skal søke og ikkje minst vite korleis ein skal skrive søknadar som dei ikkje kan seie nei til, seier Birgith Lilleskog smilande.

Birgith Lilleskog står på for Nedstrand både gjennom bygdehuset og idrettslaget. Ho er vekas juleengel.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg