Bjørnar Lund (t.h.) i Gjensidigestiftelsen hadde med seg 98.000 kroner til Birgith Lilleskog og Leiv Askvig (i raudt). Pengane skal gå til treningsrom i Bygdehuset sitt bygg på Hinderåvåg.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Bjørnar Lund (t.h.) i Gjensidigestiftelsen hadde med seg 98.000 kroner til Birgith Lilleskog og Leiv Askvig (i raudt). Pengane skal gå til treningsrom i Bygdehuset sitt bygg på Hinderåvåg.

Boblar over av gode idear

Bygdahuset i Hinderåvåg har snart fått seg treningsrom og oppdatert tilbod i symjehallen. Mykje dugnad og eit par sjekkar har realisert draumane.
Av Alf-Einar Kvalavåg
Det jobbast på spreng med å gjere det nye treningsrommet klart til bruk. 60 kvadratmeter med utsikt til gymsalen i etasjen under skal husa tredemøller og spinningssyklar.
– Det er utruleg kor mykje tid dei legg ned for at me skal bli ferdige og resultatet ser svært bra ut. Me har nå snart pussa opp heile bygget, men det tar tid og kostar pengar. Difor er me svært glade når Bjørnar Lund kjem på besøk, seier Birgith Lilleskog i Nedstrand Bygdehus.
Sjekk
Og det skjønar ein godt. For det blir slutt på saging og hamring når representanten for Gjensidigestiftelsen kjem inn i det snart ferdige treningsrommet. På sjekken står det 98.000 kroner, pengar som er med på å gjere dette muleg.
– Eg er svært glad for at me i Gjensidigestiftelsen kan støtte slike prosjekt som dette. Prosjekt som vil gi bygda betre treningsmulegheiter og som kanskje kan få fleire menneske til å starte med trening. Her i bygda har me gode erfaringar med å støtte prosjekt og me ser at dei blir gjennomført og realisert slik me ønskjer det skal vere. Så mi oppfordring til desse eldsjelene er å halde fram med å søkje om midlar til gode prosjekt, seier Lund.

Les heile saka i papiravisa