Kristoffer Froestad er trenar for HHK i år. Sundag er det toppkamp i Sysco Arena. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kristoffer Froestad er trenar for HHK i år. Sundag er det toppkamp i Sysco Arena. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Flørtar med Tysvær igjen

Tysværbuen har eigentleg aldri trykt HHK skikkeleg til brystet. Det vil klubben nå gjere noko med.

– Vårt nærområde er Frakkagjerd og då blir det feil å ikkje ha eit fokus på alle dei som bur der. Etter at laget rykka ned frå eliteserien er me på mange måtar tilbake til start. Og nå har me lært at me må skape entusiasme i nærmiljøet. Difor har me denne gongen invitert spesielt dei som bur her. I tillegg skal me gjere fleire stunt utover i sesongen, både mot potensielle tilskodarar, men også mot laga i Tysvær som driv med handball, seier marknadsansvarlig Helge Handeland.
Og for Handeland som sjølv har hatt postadresse i Tysvær er dette ein prioritert kamp. Ikkje lett, det skjønar han, men ein kamp han og klubben vil ta.
– Det er ikkje nok elitespelarar på Haugalandet. Det gjer at me må hente inn «leigesoldatar». Når me gjer det så må målet vere at dei motiverer andre og løftar treningane slik at dei lokale unggutane som er med, også tar nye steg mot elitenivå. Me håper at me på sikt har fleire lokale spelarar i stallen som blir med på den neste oppturen, seier Handeland.

Les heile saken i papiravisa