Sissel Eikeskog, Vibeke Osnes og Kari A. Liknes er stemmane i Embla. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Sissel Eikeskog, Vibeke Osnes og Kari A. Liknes er stemmane i Embla. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Vakker og viktig konsert

Embla og Aksdal kyrkje ein fredag i desember er som hand i hanske. Viktig å roe det ned noen hakk nå før jula tar til.

19 innslag, dikt, songar og solid dose julestemning var det Embla og deira utvida band hadde å tilby denne gongen.
Det låt vakkert og ingen kan klage så samklangen i dei tre solistane sine stemmer. Når gjesteblåsar Roy Strømø og gitarist Egil Lindanger fekk lov å sleppe til, heva konserten seg faktisk endå eit par hakk.
Embla har gjennom sine julekonsertar funne fram til eit program som på mange måtar fungera godt. Kjende norske julesongar miksa saman med kjende amerikanske. Skal ein klage, sjølv om det ikkje er fint gjort, så er det at det fort kan bli noko likt. Men her redda bandet mykje av konserten. Dei er dyktige kvar på sin måte og saman med dei nemnde solistane blir det klasse over det.
Våre favorittar i kveld var «White Christmas», «Mitt hjerte alltid vanker» og «Himlen i min famn».

Meir om konserten i papiravisa på torsdag.

Faktaboks

Julekonsert
Embla
Aksdal kyrkje
Sissel Eikeskog, Vibeke Osnes, Kari A. Liknes, Lars Røthe, Gisle Molland, Lars J. Liknes, Roy Strømø og Egil Lindanger.
110 frammøtte

Dette spelte dei:
Julenatten
Winter Wonderland
Marias guttebarn
Carol of the bells
White Christmas
Liten vei til Betlehem
Mitt hjerte alltid vanker
Upp gledjast alle
Let it snow
Stjernenatt
Julen er her
Gabriels oboe
Himlen i min famn
En krybbe var vuggen
I´ll be home for Christmas