Espen Markhus kom inn like før slutt og sette to poeng i kampen lagets hans vann 85-67 over Ammerud og Marco Sanders. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Espen Markhus kom inn like før slutt og sette to poeng i kampen lagets hans vann 85-67 over Ammerud og Marco Sanders. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Måtte vente lenge på Espen

Dei om lag 300 tilskodarane i Sysco Arena var tolmodige. Tre minutt før slutt steig stemninga då Espen Markhus fekk speletid. Frøya vann stort over serieleiar Ammerud.

– Ammerud er eit lag som passar dårleg til spelestilen min, men det var lenge å bvente på få sleppe til. I tillegg hadde me tilbake alle dei beste spelarane i dag. men eg fekk mine minuttar og fekk meg to poeng, smilar Markhus.
Laget hans Frøya var best i alt og vann fortent 85-67.
– Det var herleg og det virka som publikummet her haldt med oss. Kunne godt vore ein del til, men dette er likevel bra, sa Markhus tilbake på heimlege trakter.

Meir om tidenes første BLNO-kamp i Tysvær i papiravisa på torsdag.

Espen Markhus kom inn like før slutt og sette to poeng i kampen lagets hans vann 85-67. Foto: Alf-Einar Kvalavåg