Foto: Arild Kalleland Vallestad / Statens vegvesen
Foto: Arild Kalleland Vallestad / Statens vegvesen

Krysset på Susort er ferdig

Fredag 20. desember blir det offisiell markering av at arbeidet med det nye toplanskrysset på E39 Susort i Tysvær kommune er ferdig.

Det blir ei markering inne på Tysværtunet i Aksdal kl. 11.00.
Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Astrid Eide er til stades, saman med Tysvær-ordførar Harald Stakkestad, og ordførar i Bokn, Kyrre Lindanger.