God jul & Godt nyttår

Så er me der igjen, ved slutten av eit hektisk år. Tysvær Bygdeblad med sine seks tilsette har nok eit år prøvd å ta pulsen på Tysvær og tysværbuen.

Og det har verkeleg vore eit hektisk år for oss alle. Nok ein gong kan me konstatere at me bur midt i smørauge på Haugalandet og det i eit Haugaland på veg opp og fram.
På mange måtar har 2013 vist at det nære stadig betyr meir for folk. Me lever i ei tid kor nyhende og opplevingar berre er eit tastetrykk unna. Men der har det som skjer tett på oss ein tendens til å forsvinne i jungelen av opplysningar og underhaldning.
På ein måte er all denne lokale aktiviteten næringa for ei lokalavis. Men det er også eit «blylodd». Me rekk ikkje over alt, og om me vil aldri så mykje kan me ikkje gjere alle til lags.
Likevel kan me konstatere i det me rundar av nummer 48 i 2013 at i løpet av desse nummera har me sett nye rekordar veke etter veke. Aldri før har det vore så mange lokale saker på trykk i lokalavisa di. Aldri før har me hatt bilete av så mange personar eller hendingar. Aldri før har så mange lokale annonsørar nådd ut til sitt publikum. Og det beste av alt. Aldri før har så mange lest Tysvær Bygdeblad, enten i papirutgåva eller på nettsidene våre.
For eit år sidan takka eg alle dei som sender oss tips, som stiller opp og gjer at det aldri blir ein torsdag utan. Og i rekkja av rekordar må dei også takast med. Å gi ut ei lokalavis er på den eine sida å vere kritisk eller rosande til dei som styrer, enten det er i idrettslaget eller i kommunen. Men det er også ei viktig rolle å lytte til dei i den andre enden av skalaen. I år har me spesielt funne fram spalteplass til den gruppa. Til dei mjuke sakene, til barn og unge og til dei som må kjempe for å bli høyrt.
Når me nå så smått har begynt å planlegge 2014 er det eit år med nye spennande utfordringar. Me tolkar responsen i året som nå snart er historie slik at Tysvær Bygdeblad er ønskja i Tysvær også i åra som kjem. Stadig fleire unge lesarar kjem til, ungar spør etter avisa heime og fleire bytter ut spontane kjøp med abonnement.
Til helga er det mange som kan ta fatt på ein fortent friperiode. Så la oss då ta det litt med ro, nyte jula, feire saman med dei me er glad i og samle krefter til eit nytt travelt år.

Frå alle oss i Tysvær Bygdeblad ønskes ei god jul og eit godt nyttår.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør