Ein får mykje godsaker på Meny for 8.000 kroner. Magnus Sandbekken var den heldige vinnaren av gåvekortet. Her får han god hjelp av Eli Dommersnes og Birge Nymark.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Ein får mykje godsaker på Meny for 8.000 kroner. Magnus Sandbekken var den heldige vinnaren av gåvekortet. Her får han god hjelp av Eli Dommersnes og Birge Nymark.

Magnus den heldige

Tysvær Bygdeblad har fått mange nye abonnentar og Magnus Sandbekken har fått eit gåvekort på 8.000 kroner frå meny. Ikkje rart det er mange som smiler.

Stemninga var både spent og god då me skulle trekke ut ein vinnar av årets abonnementkampanje. Med ikkje mindre enn tre gåvekort i potten visste me at det var nokre som denne veka ville bli ekstra glad når me slo på tråden.
– Dette var ein utruleg kjekk førjulspresang. Eg kjem nok til å dele litt med ungane mine, for i år er eg så heldig at me skal til sonen min på juleaftan. Eg har lese Bygdebladet i mange år, men har vore ein av dei som har kjøpt avisa i laust. Nå tenkte me at tida var moden for å bli abonnentar og det var jo eit lykketreff, smiler Sandbekken som bur like på oppsida av tunellen i Førre.

Les heile saka i papirutgåva