Brann ved ungdomsskulen

Ikkje før hadde me lagt ut melding om ei stille nyttårsfeiring før brannvesenet måtte rykke ut til ein kontainer som brann ved Frakkagjerd ungdomsskule. Brannen er under kontroll og kontainaren står slik til at det ikkje er fare for spreiing, melder politiet, som ønskjer tips.

Det var klokka 01.10 at ein fekk melding om at nokon eller noko har satt fyr på innhaldet i ein kontainer like ved ungdomsskulen på Frakkagjerd.
Augevitner fortel om to brannbilar og eit anna utrykkingskjøretøy ved brannen. I følge vitna har dei full kontroll.
Politiet søker i området etter den eller de som har forårsaken den. Tips kan meldes politiet på 02800

Politiets logg 02.00: Snill bilist har tatt hånd om sort og hvit Border Collie ved Susort, Tysvær, løp forvirret rundt midt på E39. Politiet sørger for hunden.