Nynorskpresse, ikkje nynorskpress

Med mindre regjeringa har eit målretta ynske om å svekkja nynorsken, bør dei revurdera endringane i pressestøtta.

Slik det ligg an no, vert nynorskavisene råka langt verre enn bokmålsavisene.
Regjeringa vil leggja om pressestøtta. I forslaget deira ligg ti prosent av bokmålsavisene an til å mista produksjonstilskotet. Blant nynorske og språkblanda aviser vert tjue prosent råka.
Å kutta dobbelt så mykje i nynorskaviser som bokmålsaviser, er å setja den språklege jamstillinga på spel. Også nynorskbrukarar må få sjå språket sitt rundt seg. Aviser som skriv på nynorsk er viktige for å gjera dette mogleg.
I Klassekampen hevda statssekretær Knut Olav Åmås at pressestøtta «ikke er et språkpolitisk virkemiddel». Men språklege konsekvensar av kutt i støtta er unekteleg eit språkpolitisk spørsmål. Det går ikkje an å avfeia viktige sider av saka under dekke av ikkje å ha tenkt på dei.
Éi slik side av saka, er at støtta til kvar av dei nemnde nynorskavisene utgjer grovt sagt ein promille av kva VG og Dagbladet får i indirekte pressestøtte. Samstundes held desse to avisene seg med forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Det vil vera eit delikat paradoks at skattekronene våre skal halda fram med å subsidiera nynorskforbod i rikspressa, på same tid som det vert skore laus på nynorskjournalistikken i lokale aviser.
Nynorskbrukande aviser er ikkje berre lokalaviser på line med bokmålsaviser. Nynorskavisene speler også ei sentral rolle som språkbadarar. Aktuelt og tilgjengeleg lesestoff på nynorsk må til for at det skal vera lett å læra seg nynorsk. Me treng språkbad alle saman, og det er i den nynorske balja me treng mest påfyll.
Likeins er nynorskavisene svært viktige for at dei nynorske kjerneområda skal vera nettopp det. Utan at lokale nyhende og ordskifte vert formidla på nynorsk, vert det tyngre for lokalsamfunnet å halda på nynorsken. Særleg gjeld dette ungdom og elevar. Dei byter til bokmål i mykje større grad i område der nynorsken er mindre synleg utanfor klasserommet.
Den språklege janstillinga kviler på ein viktig føresetnad: Politikarane må ta språklege omsyn når dei lagar annan politikk. Det gjeld ikkje minst no som pressestøtta er oppe til forhandling.

Beste helsing
Vebjørn Sture

Leiar i Norsk Målungdom