Nye ja og nei

Godt nyttår alle våre lesarar.
2014 blir sjølvsagt eit spanande år for oss i Tysvær.

Kvifor ikkje, om du skulle meine noko anna? Mulegheiter står i kø for kvar enkelt, men også deler av kommunen samla. Eg vil allereie nå spå at det i året som kjem blir tatt avgjersler i vår kommune, som ein vil snakke om i mange år framover.
Grunnen til det er at dei politiske partia i løpet av seinåret vil vere i gang med å legge ein listekabal fram mot det svært spanande og viktige kommunevalet i 2015. Det valresultatet vil få enorme konsekvensar for utviklinga av kommunen i den andre halvdelen av den langsiktige kommuneplanen, den som forhåpentlegvis skal sluttføre dei store planane både for den søre og ytre delen av kommunen.
For eit par av partia vil listearbeidet vere ein tung jobb å ta fatt på. Lite engasjement og oppslutning rundt lokalpolitisk arbeid gjer at dei må grave djupt om dei vil oppnå å kunne presentere liste om eit drøgt år. Då kan «lokalopprør» gi dei litt draghjelp. Og det vil ikkje mangle på kampsaker.
Slik eg ser det vil fleire prosjekt få eit endeleg ja eller nei dette året. Oppstart og ferdigstilling ligg lenger fram i tid, men ein vil i løpet av 2014 sjå kva kurs Tysvær vil få framover i tid. Det har me ikkje kunna dei siste åra. Til det har det vore for mange ballar i lufta, ballar som det ikkje har vore muleg å lande før nå.
Eg tippar at me i 2014 vil få eit endeleg svar på om det er politisk vilje på Haugalandet å enten slå seg saman eller å utvide samarbeidet som i dag er under paraplyen Haugaland Vekst. Eg trur at me i år vil få tydlegare signal frå fylkeskommunen på korleis dei ser for seg utviklinga her nord etter at Rogfast ein gong står ferdig. Eg trur også me får ei avklaring i Tysværvåg. Der finn ein ei løysing på idrettshallen, men må nok legge vekk planane om ein ny skule. Og det kjem antakeleg i løpet av 2014 også eit meir tydelege signal om kva ein vil me småskulane i Tysvær. Til nå har ein snakka om tilsette og kutt. Neste gong er det neppe nok tilsette å kutte i.
To andre saker som nå nærmar seg ei avklaring er utviklinga av Aksdal og Skeiseid. Her trur eg det blir ja til sentrumsutvikling og nei til Skeiseid. I denne runden. Skeiseid blir av mange sett på som heilt nødvendig for å utvikle Tysvær vidare i kampen mot Karmøy og Haugesund. Eg er redd det berre er tysværbuen som meiner dette, og då blir arbeidet framover vanskeleg.
Tysvær Bygdeblad ventar spent på utfallet, både av det politiske arbeidet som nå skal gjerast og korleis Tysvær sine tankar blir tatt imot, både på Haugalandet og i sør-fylket. Me er heilt avhengige av nokre klare ja om me skal utvikle oss vidare i 2014. Om ikkje skal dei politiske partia få ein tøff jobb med å skape lokalpolitisk engasjement fram mot hausten 2015.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør