Knut Egil Stakkestad og Inger Johanne Bligaard kan snart tilby kjøtt direkte fra gården sin på Stakkestad.  
Foto: Karina Søvik
Knut Egil Stakkestad og Inger Johanne Bligaard kan snart tilby kjøtt direkte fra gården sin på Stakkestad.

Latterleg bra konsert

Det blei slik dei lova. Noko midt i mellom ein standupaftan og ein konsert. Herleg, rett og slett.

Katalogen til Halvdan Sivertsen og Jan Eggum bular med gode, kjente og kjære songar frå to lange karrierar. Så når omlag 220 personar valte vekk sol og førsommar med halvannen time i mørket i Tysværtunet, var det fordi dei visste kva dei gjekk til.
Og dei blei ikkje skuffa. Det er slett ikkje kvar gong me benkar oss i Tysværtunet at det kjennast som magisk stemning i benkeradane. Me det skjedde denne gongen. Allsongen, latteren og gjenkjenninga var så ekte at sjølv artistane merka det.
– Det var ei heilt spesiell stemning i salen, og publikum song verkeleg med på songane. Me hadde til og med litt trestemt. Heilt fantastisk, og sjeldan har eg vore meir ærleg når eg seier at her vil me tilbake, seier Halvdan Sivertsen.
Latter og ettertanke
Begge er entertainerar av høg klasse. Dette er elitedivisjonen og spørsmålet før ein konsert er berre om dagsforma er der. Og det var den i Tysværtunet. Snertne og morosame historier fekk alle i salen til å le høgt før det som det mest naturlege i verda glei over i ein ny song. Begge er morosame og det er sjølvsagt, sjølv om ein har høyrt det før, kjekt å harselere med djupttenkande Eggum. Men Sivertsen hadde også to langt meir alvorlege innlegg. Då var det stille i salen. Først gjekk han til angrep på måten regjeringa har bestemt seg for å ta imot Dalai Lama, eller rettare sagt, måten dei ikkje skal ta imot han. Ei skam kom det frå Sivertsen til stor og spontan applaus. Så gjekk han laus på asylbarnas behandling av den norske stat. Ein ny spontan applaus før han drog i gang med «Sommarfugl i vinterland». Sterkt, flott og eit interessant avbrekk i det som elles først og fremst var som ein musikalsk standup.
Best av det beste
Kva sit ein så igjen med som det beste av det beste? Vel, tre songar skilte seg ut umiddelbart. «Nordaførr vårvise», Kor e alle helter hen?» og «Sommerfugl i vinterland». Det som likevel imponerte mest med låtvalet til dei to, var at ingen av songane sto fram som konsertfyll. Alle songane hadde sin plass og alle blei framført med ekte forteljarglede. Enten med eit lurt smil, eller med eit meir alvorleg blikk retta ut mot salen.
– Korleis starta dette samarbeidet mellom nettopp de to?
– Me har samarbeida laust i mange år, men så dukka Gitarkameratane opp med ujamne mellomrom. Ut frå det har det blitt meir konkret og denne turneen og dette showet har vore svært motiverande for oss. Og når ein kjem til publikum som så ekte viser at dei set pris på oss, ja då blir det svært motiverande å stå på scenen, seier Halvdan Sivertsen.
– Korleis klarer ein duo med så stor katalog å velje ut songar til ein 90 minuttars konsert?
– Me prøver å variere for me veit at i salen sit det folk med sin favoritt. Etter kvart begynner det å bli nokre som må med, og så varierar me litt på det andre. Ingen skal gå heim utan at dei har høyrt minst ein favoritt, smilte Halvdan Sivertsen og signerte plater så blekket spruta.

Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Halvdan Siversten
& Jan Eggum
Halvdan Sivertsen

Tysværtunet
220 frammøtte
Dette spelte dei:
Og hon elsker han
Bruremarsj
Rytet forteller
Frihet
Av og til
En grønnmalt benk
Ta meg med
Mayday
Hver gang vi møtes
De skulle begrave en konge stor
Nordaførr vårvise
Kor e alle helter hen?
Sommerfuggel i vinterland
En natt forbi
Venner
Kjerlighetsvisa
Heksedans