– Når eg går bortover der, er det både vanskeleg å sjå kor eg skal krysse vegen, samt at det renn både grus og vatn over fortauet. Tenk om ein kunne gjort det lettare for oss som ser eller beveger oss dårleg, seier Borghild Yrkje (t.h) til varaordførar Kristine Aurdal.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Når eg går bortover der, er det både vanskeleg å sjå kor eg skal krysse vegen, samt at det renn både grus og vatn over fortauet. Tenk om ein kunne gjort det lettare for oss som ser eller beveger oss dårleg, seier Borghild Yrkje (t.h) til varaordførar Kristine Aurdal.

Ser etter litt hjelp

Tidlegare ordførar Borghild Yrkje har flytta til Aksdal. Synet har svikta, men det stoppar ikkje den driftige pensjonisten. Men nå treng hu og naboane litt hjelp.

I 69 og eit halvt år hadde ho i følgje seg sjølv stålhelse og dreiv ei aktiv yrkeskarriere. Men så svikta synet og i dag kan ho verken lese aviser eller sjå på fjernsyn utan hjelpemiddel. Likevel er det verste med å vere nesten blind at ho slit med å ferdas trygt langs vegen frå blokka på Stølsberg og til sentrum av Aksdal. Ikkje lange biten, men hindringane ligg tett for ein som er svaksynt eller som har eit lite handikap og treng tilrettelagt veg.
– Det er trist at det berre er småting som gjer at fleire av oss som bur her ikkje fritt kan komme oss att og fram til sentrum. Dette gjeld ikkje berre meg og eg veit om fleire som blir sittande inne på grunn av ting som friske folk ikkje ville tenkt var eit problem. Eit av måla må vere at det skal vere lett og trygt å komme seg til og frå senteret, og turløypa rundt Bongastjørn. Begge desse turmåla er viktige for oss som bur her, og det vil gjere det mykje meir meiningsfullt om me kunne klart oss sjølv, seier Borghild Yrkje.
Yrkje kjem med ei rekkje små, men tydelegvis viktige hjelpemidlar som kan lette på problemet. Nokon har me høyrt om før og nokon har kommunen tatt tak i.

Kva teknisk sjef Per Ørpetveit og varaordførar Kristine Aurdal svarar og lovar kan du lese i papirutgåva