– Kven skal ein ringe

Det går ein spennande debatt i dei innarste lokalaviskretsane om dagen. Er lokalavisene berre proppa med godsaker, som best passar til ein kopp kaffi og kos? Har dei mista sin iver etter å være ei vaktbikkje? Er di avis med og set dagsorden?

Vel, det er sikkert like mange meiningar som lokalaviser i landet. Grunnen til at dette kjem opp nå er vanskeleg å seie, men la oss nå ta den avisa som me sjølv rår over.
Er Tysvær Bygdeblad blitt slik at den best kan nytast som ein del av kosen til ein kopp kaffi. Eller klarer me å skape debatt og engasjement i Tysvær. Eg tok sjansen og gjekk på eit par av våre trufaste lesarar som eg veit har meiningar om det meste som skjer. Eg spurte og fekk svar. Svaret var både ja og nei.
Sjølvsagt var det det, men det som var spennande var å få høyre kva dei meinte det var viktig for oss å ha fokus på.
– Tysvær Bygdeblad bør vere talerøyr for den vanlege mann og kvinne i gata. Dei som ikkje slepp til der avgjersler blir tatt. Dei som ikkje skrik høgast når noko er galt. Politikarar og næringslivstoppar slepp alltid til og får fram bodskapen. Det er dei sakene kor meinigmann seier ifrå me les først, blei konklusjonen på vårt spørsmål.
På mange måtar gir dette oss eit spegelbilete av kvardagen i redaksjonen. Dei aller fleste som tar kontakt er i denne gruppa av tysværbuar. Det er folk som ikkje veit kor dei skal ringe når noko er galt. Når vegen er øydelagt, eller dei ikkje får den hjelpa dei har krav på. Det kan framstå som syting, men også eit rop om litt hjelp.
Me skal vere der for dei, og det er ikkje tal på alle gongene me har ringt vidare og etterpå har kunne krysse av for oppdrag utført. Av og til hamnar det også i spaltene våre.
Denne delen av å drive lokalavis trur eg blir gløymt når ein skal synse over kvaliteten på ei lokalavis. Vår misjon er langt meir enn berre å sette saker på trykk. For mange er me også ein rådgjevar for korleis dei skal gå fram i jungelen av utfordringar som møter dei, i alt frå kor ein kan melde ungar på allidrett til korleis ein kan få ordføraren til å komme på eit møte.
Så er det sjølvsagt viktig at lokalavisa inneheld ein variasjon av det som skjer i kommunen. Alt frå 1. klassingar på tur, via spennande byggeprosjekt til politiske møter og sport. Me skal også lytte når det blir meldt frå om svikt i systemet, om når det blir gjort rett og urett.
Alt dette gjer me saman med dei som tipsar oss, som stiller opp til intervju og ikkje minst dei som ringer eller skriv til oss med kommentarar om korleis Bygdebladet er.
Saman kan me levere ei lokalavis som er langt meir enn berre «sukkerbitar» til kaffikoppen.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør