Brannvesenet mått i ettermiddag rykke ut til ein brann i Førre  Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Klokken halv fem meldte politiet om brann på et sykehjem i Nedstrand. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Vil ha midtdelar

Å ta seg fram i trafikken med store utrykkingskjøretøy er ei utfordring. Difor må sjåførane på kurs.

Brannsjef Ole Martin Nordstrand i Tysvær har registrert debatten rundt midtdelarar på hovudvegane. Han seier det er ei utfordring brannvesenet må vere førebudde på.
– Gjer utbyggarane og prosjektleiarane jobben sin og lagar vegskuldrer og avkjøringslommer så skal ikkje dette vere til hinder for oss. Men me ser at det kan vere utfordringar knytt til å kjøre på slike vegar og difor kursar me både personell og sjåførane våre jamleg. Me har ein avtale om kursing her lokalt, seier Nordstrand.
Utfordring
Det er ikkje berre vegstandarden som er ei utfordring for brannvesenet i Tysvær. Dei fleste av sjåførane på dei sju brannbilane kjører ikkje stor bil til dagleg.
– Det er ein annan grunn til at me kjører på med kursing. Trafikkbilete vil alltid forandre seg og her som me held til i Aksdal har me også ei utfordring med kødanning av ferjetrafikken på E39. Den har betra seg noko etter at T-sambandet blei opna, men likevel er det eit litt spesielt trafikkmønster her i ytre delen av Tysvær. Men eg kan garantere at me tar vår del av kjøringa i trafikken på alvor, seier brannsjefen.
– Kva med planane for ein midtdelar frå Frakkagjerd til Våg?
– Eg stolar på at dette er eit prosjekt som følgjer den standarden som må vere for slike prosjekt. Då ser eg som brannsjef på dette som eit tryggingstiltak som me faktisk treng. Me har vore ute på fleire stygge møteulukker dei siste åra, også ulukker med tragisk utgang. Men ein må likevel ikkje gløyme at den som sit bak rattet har ansvaret. Me ser mykje uvettig kjøring også når me er på utrykking.

Les meir om trafikksikring i papirutgåva.