Stortingsrepresentant Olaug Bollestad møtte ein lydhøyr og engasjert delegasjon frå helsetenesta i Tysvær. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Stortingsrepresentant Olaug Bollestad møtte ein lydhøyr og engasjert delegasjon frå helsetenesta i Tysvær.

Det viktige samarbeidet

Kor tidleg skal ein gripe inn i psykiatrisk arbeid og kven skal gjere jobben? Kva tenkjer staten om dette arbeidet?

Det var mange og gode spørsmål som hagla over bordet då KRF sin stortingsrepresentant frå Rogaland, Olaug Bollestad, var gjest i Aksdal på måndag. Etter at ho hadde fått ein oversikt over «ståa» i Tysvær av ordførar og rådmann trefte ho på dei som til dagleg står overfor utfordringa i helsevesenet.
– Det var eit godt møte kor eg fekk mange innspel som eg kan ta med vidare til helsekomiteen på Stortinget. Eg har som mål å reise rundt i kvar einaste kommune i fylket eg representerer nettopp med tanke å få gode innspel og tilbakemeldingar frå grasrota. Det er dei som veit kor skoen trykke og det er ofte dei som har gode løysingar på dette som er eit vanskeleg fagfelt å manøvrere seg i, seier Bollestad.
– Kva kan ein konkludere med etter eit slikt møte kor fleire fagmiljø var representert?

Tidleg innsats innan psykiatri er svært viktig

– Det som kom tydeleg fram her, frå alle, var at tidleg innsats innan psykiatri er svært viktig. Når ungane er komme inn i skulen er det eigentleg for seint, eller i beste fall berre seint. Her kom det fram gode idear om korleis ressursar må kunne nyttast på tvers av fagfelt og kor kvar enkelt sin ressurs tilsamen gir eit endå betre tilbod. Det gjeld på grasrota i Tysvær, men også på høgste nivå i departement og komitear, seier stortingsrepresentanten.

Les heile saka i papirutgåva