Hjelp, det blåser

Så blåste debatten og ferjetrafikken mellom nord og sør opp til full storm igjen. Austavinden stengte Arsvågen – Mortavika og folk sto rådlause på kaien og lurte på kva dei skulle gjere.

Fram til Rogfast blir opna vil denne ferjestrekninga vere det me har å tilby. Etter at Skudenessambandet blei avvikla så er det få alternativ når det er vanskelege vindforhold.
Men det er eit alternativ som har blitt nemnt og som fekk vind i segla igjen.
– Kvifor går det ikkje ekstraferjer frå Nedstrand til Judaberg når Boknsambandet blir stengt. Med Finnfast vil det vere kjapt å komme seg vidare sørover.
Responsen frå Nedstrand kom fort, faktisk raskare enn bilistane fann ut at det gjekk ann å komme seg over fjorden den vegen. Etter kvart blei det lang kø oppover vegen frå ferjekaien. Både Kystbussen og andre stilte seg opp i håp om å komme med.
Når også Haukeli er stengt kan ein kjenne seg noko innestengt på Haugalandet. Det gjeld sjølvsagt folk på farten, men også med tanke på dei tenestene som nå blir sprett utover nord-fylket frå sentrallager i sør. Det gjeld alt frå dyrefor, via mjølkeprodukt til post. Dei siste åra har me sett ei auke i dette, og stadig fleire varer og tenester må innom ein eller annan stad sør for fjorden, før dei hamnar hos oss.
Fleire av desse tenestene og varene er det ein kan kalle kritisk viktige for dei det gjeld. Spørsmålet er då om samferdslemyndigheitene har tatt høgde for at ein må finne gode alternativ når vinden stenger fjordvegen. Er det politikk som ligg bak at ein ikkje har ein plan for desse utfordringane. Er alle dei harde kampane om anbod på transport blitt ein flaskehals som gjer at ein i krisetider ikkje kan (eller vil) jobbe saman for å finne gode samfunnstenelege alternativ?
Er det fysisk muleg for Fjord 1 å sende ferjer til Nedstrand om ein får slike vind og havtilhøve ein annan gong? Har dei lov? Kven kan bestemme slikt? Det lurer folk i transportnæringa på, og det lurer studentar og bønder på.
For dei som bur i Nedstrand vil sjølvsagt dette også kunne ende med ein siger i å halde på ferja som gong på gong er blitt trua med nedlegging. Om det er nok at kaien blir ei nødhamn i dårlege tider er vel tvilsamt. Men at ein i 2014 skal bli så isolerte, som me nettopp var på grunn av vind frå aust, er ikkje bra nok.
Som lokalavis kan me ikkje anna enn å be dei som styrer trafikkbilete i Rogaland om å sjå nærare på Nedstrand som eit alternativ.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør