Are Søderlund skal spele for Djerv 1919 i 2014. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Are Søderlund skal spele for Djerv 1919 i 2014. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Søderlund frå Skjold til Djerv 1919

Are Søderlund var i tvil om kvar han skulle spele denne sesongen. Valet falt tilslutt på Djerv 1919.
– Eg har bestemt meg og signerer for dei.

Søderlund som har vore ein Skjold mest profilerte spelarar dei siste sesongane trengte ein timeout etter sesongavslutninga i fjor.
– Eg var litt lei og visste ikkje heilt kva eg skulle gjere. Eg var innom på tanken om å halde fram i Skjold eller bytte klubb. Spelte ein kamp for Stegaberg og syntes det var stas. Men tilslutt enda eg opp med Djerv 1919 kor eg har trent ei god stund nå, seier 26-åringen.

Meir om Søderlund i papiravisa på torsdag.