Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Torleif Susort har besøk av kokkane Lasse Haukaas og Robert Vikse, som denne veka skal serevere og selje kjøt frå garden i butikken.

Respekt, Solfrid, respekt

Solfrid Molland er klar med ei ny plate. Der andre berre ser elende hos Romfolket, ser og høyrer Molland liv, latter og musikk.

Så ekte, så velgjort og så viktig at me lyttar og les oss fram til ein soleklar seksar.

Det er på mange måtar ei utfordrande plate, som tidleg i februar kjem for sal. «Musikken er mitt fedreland» utfordrar fordommane i oss. Både for Romfolket, men også for vår skepsis for såkalla sigøynarmusikk.
Historia bak plata er lang. Kortversjonen er at Molland lytta til eit par fantastiske musikantar på gata i Oslo. Utdanna og ein gong ein viktig bit av det rumenske diktaturets kulturliv. I dag på gata i Noreg. Samstundes møtte ho på det som etter kvart skulle bli eit kvinnekor i Markuskyrka i hovudstaden. Musikk bryt stadig ned tabu, fordommar og murar. Når Molland saman med desse musikantane spelar inn «Musikken er mitt fedreland» så opnar dei også auga og øyrer på mange av «dommarane» som helst ser at romfolket tar første fly heim frå Noreg.
– Denne plata er ei slags oppfølging av den førre, men eg har også valt å ta det eit skritt vidare. Gheorghe Vasile-Buzoianu og Valentin Vasile har vore med og satt sitt preg både på musikken og tekstane i denne produksjonen, og saman har me prøvd å vise denne sida av den musikkforma dei har levd opp med. Eg er strålande nøgd med det me fekk til, seier Solfrid Molland.
Lytt
Det er ikkje noko dusinvare som kjem i butikkhyllene, heller snarar tvert om. Men det betyr ikkje at dette er musikk ikkje alle kan høyre på. Her er ei salig blanding av viser, pop, jazz og sigøynarmusikk. Med klare instrumenttonar frå trekkspel, fiolin, saksofon og bassgitar.
Det er lett å plukke seg favorittar allereie etter berre eit par gjennomkjøringar av plata. Øystein Wingaard Wolf har skreve både opningssporet «Alene er du ingenting» og avslutningssongen «Jeg vil elske en fremmed før jeg skal dø». Gode låtar, men også fantastisk sterke tekstar som ein kan følgje i ein flott boklet, som følgjer med.
Og det er typisk for plata. Ikkje berre gir tekstane meining til musikken, men dei får deg til å lytte, til å forstå litt betre. For der dei fleste av oss ser skitne og fillete tiggarar så «ser» ein noko heilt anna når ein lyttar til musikken og tekstane. Der er det liv, kjærleik, tru og håp. Det er tekstar som kunne vore skrivne til kven som helst, men når ein då ser føre seg sigøynarar og romfolks liv, blir dette sterke saker. Og det står stor respekt av at tysværbuen Molland, med det raude trekkspelet og den klokkeklare stemmen, tør og vil vise denne sida av romfolkets liv.
Litt av kvart
På plata er det som nemnt musikk som sprikar litt i alle retningar. Åge Samuelsen sin song «O Jesus du som fyller alt i alle» glir lett over i Johnny Cash sin «I am a wayfaring stranger» oversett til norsk av Erik Hillestad, og som da blir «Jeg er en fremmed».
– Min favoritt er «Sanie cu zurgălăi/Slede med bjeller» som også Edith Piaf har hatt ein versjon av. Musikalsk har dette vore ei reise også fysisk. Eg har vore i bakgatene i ein av romfolkets landsbyer i Romania. Der gjekk vi og spelte langs den gruslagte gata i byen. Da vi var komne til endes var toget på 30 musikantar. Smilande, fulle av håp og med musikken som ein viktig del av livet.
Akkurat det kjem fram i refrenget i Gheorghe Vasile-Buzoianu sin tekst i songen «Musikken er mitt liv»:
Musikken er mitt liv
Jeg sover med musikk i tankene
Musikken er min trøst, så lenge jeg lever
Jeg er ikke rik, jeg er ikke fattig
Jeg spiller med glede for folk
Kirkens Bymisjon
Plata er også eit samarbeid med Kirkens Bymisjon.
– Dette er eit samarbeid mellom meg som musikant, mine nye musikalske vener og Bymisjonen i Oslo. Dei gjer eit stort arbeid. I tillegg har eg vore så heldig å få spele på lag med Erik Hillestad også denne gongen, avsluttar Solfrid Molland.

Av Alf-Einar Kvalavåg

Faktaboks

Musikken er mitt fedreland
Solfrid Molland
Gheorghe Vasile-Buzoianu
Valentin Vasile
Ion Cantaragiu Rasturnel
HjerteRom-koret
Kirkelig Kulturverksted 2014
solfrid

Alene er du ingenting
Trec, țiganii, trec /Sigøynerne drar forbi
Muzica e viața mea / Musikken er mitt liv
Un cântec țigănesc de neuitat / en aldri glemt sigøynersang
Å jesus du som fyller alt i alle
Am cămin mai sus de nori / mitt hjem er oppe bak skyene
Catedrala stavropoleos
Sanie cu zurgălăi / slede med bjeller
Jeg er en fremmed
Dulce e iubirea sfântă / søt er den himmelske kjærlighet
Mama
Jeg vil elske en fremmed før jeg skal dø