Heiar me på Coop?

Denne veka gjekk eit samla teknisk utval inn for at planane for Coop-utbygginga på Shell-tomta på Frakkagjerd skal ut på 1. gongs høyring.

Det er politisk «jubel» for at det endeleg skjer noko med den gamle stasjonen, som blir meir og meir falleferdig der den står mørk og forlaten.
Samstundes tikkar det inn tips til oss om andre verksemder som også vil bygge nye matvarebutikkar i det same området. Store norske kjeder som ser på Tysvær som svært interessante.
Spørsmålet er kvifor desse rykta ikkje kjem til overflata?
Er det fordi me i Tysvær heiar på Coop? Er det fordi me så gjerne vil at det skal skje noko raskt, slik at Meny og Spar får meir konkurranse? Eller er det fordi me vil og drøymer om at eventuelt nye butikkar vil gjere det finare på denne delen av Frakkagjerd?
Det er spørsmål det er vanskeleg å få svar på. Engasjementet rundt Coop sine planar på Shell-tomta er heilt unike, og det har ikkje vore noko liknande i den perioden eg har jobba i lokalavisa. Men eg er ikkje sikker på at det er kooperativen som er årsaka. Eg trur dei nå får ein ekstra goodwill på grunn av at dei var første ute, og med det skapte ein forventning.
For historia på Frakkagjerd nord, om me kan kalle det for det, er lang og for mange vond. Industri, næring og bustadar kom for tett. Det blei for mykje rot, stygge bygg og dårlege vegløysingar på ein gong. Då ein i tillegg valte å bygge fleire bustadar og ei rekkje kommunale bygg i det same området, fekk ein etterkvart både kritikk og ei stor utfordring. At Frakkagjerd blei kåra til ein av landets styggaste plasser var på den eine sida heilt rett, men også heilt feil. Rett fordi veg, industri, offentlege bygg og bustadar sjeldan passar saman. Feil fordi Frakkagjerd er så mykje meir enn metrane rundt rundkjøringa.
Men nå ser altså politikarane endeleg ei sak på papiret som kan betre noko av inntrykket. Grøntareal, nybygg og betre løysingar for både store og små trafikkantar skaper entusiasme. Så får det så vere at eit stort selskap som Coop får positiv omtale med på kjøpet. Dei var dyktige og samstundes hadde litt flaks. For når ein får ein så unison støtte i ryggen, både i kampen om vegløysingar, utnytting av tomta og i saksarbeidet, så viser Tysvær kommune at ein faktisk både kan og vil. Og for ein del «andre etablerarar» vil det nærast kallast flaks.
Kvifor bruken av ordet flaks?
Utan samanlikning så er det neppe kjensla ein har i utviklinga av kjøpesenteret i Aksdal.
Når dette er sagt og skrive så må me minne om at det nå er 1. gongs høyring. Det kan framleis vere mange som vil la seg høyre frå.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør