Snart blir det lys i løypa rundt Bongsatjørna. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Snart blir det lys i løypa rundt Bongsatjørna. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Lovar lys i februar

Stolpane er på plass. Snart blir det lys rundt Bongsatjørna.

Det har vore aktivitet langs turløypa i Aksdal i over ein månad nå. Skog er rydda og stolpar er montert. Nå manglar ein berre lys.
– Det kjem, det kan eg love. Me er i gang med å montere sjølve lyskastarane her på lageret i Haugesund og når den jobben er gjort startar monteringa langs turvegen. Me har lova lys i løpet av februar og det ser det ut til at me skal klare. Det er ein del stolpar som det skal monterast lyskastarar på og i tillegg skal der strekkast linjer. Nokre av stolpane må også bardunerast betre, slik at me er sikre på at dette vil halde i storm og anna uvêr, seier seksjonsleiar i Haugaland Kraft, Geir Ove Egge.
Sjølv om fleire faste brukarar ikkje kan få lys fort nok lovar Egge at dei har fokus på at dette er ein jobb som skal gjerast så snart som råd.
– Det er ingenting som tilseier at me skal få nokon forsinkingar i dette prosjektet nå. Dette er på ein måte ein standar jobb som laga våre er vant til å gjere. Men som alle veit, vêret kan me ikkje gjere noko med, så det er vel det einaste som kan sinke oss i arbeidet, seier Egge.

Les heile saka i papirutgåva.