Det er ustabile tider i byggebransjen. Det ser ein på marknadstala.
Det er ustabile tider i byggebransjen. Det ser ein på marknadstala.

Auke i arbeidsløysa

Talet på personar utan jobb i Rogaland er på veg oppover. Verst er det for utanlandske arbeidstakarar. Også i Tysvær er det ei auke. 120 er nå utan arbeid her.

– No ser me ei auke i arbeidsløysa, og særleg blant utanlandske statsborgarar. Samstundes ser me bedrifter som har utfordringar med å få tak i kompetanse, seier konstituert fylkesdirektør i NAV Rogaland, Anneline Teigen.

80104 personar er heilt utan arbeid i Noreg. Dette utgjer 3.0 prosent av arbeidsstyrka i landet. 5477 personar, eller 2,2 prosent, er heilt utan arbeid i Rogaland. Av desse har 2081 utanlandsk statsborgarskap. Arbeidsløysa aukar mest blant menn. For eit år sidan var 4373 personar, 1,8 prosent av arbeidsstyrka, heilt utan arbeid. Samanliknar vi med januar 2013 er det 1104 fleire arbeidslause i Rogaland ved utgangen av januar 2014.

– No ser me ei auke i arbeidsløysa, og særleg blant utanlandske statsborgarar

Auke i alle yrkesgrupper
Arbeidsløysa aukar i alle yrkesgrupper. I bygg- og anleggsbransjen aukar andelen heilt utan arbeid med 39 prosent, og kontorarbeid og industriarbeid aukar med 37 prosent samanlikna med januar i fjor.

Rammar utanlandske arbeidstakarar
Det er ei klar auke i personar frå Øst Europa som registrerar seg som arbeidssøkarar, særleg gjeld dette i bygg- og anleggsbransjen. – 38 prosent av dei som står registrert heilt utan arbeid er utanlandske statsborgarar. I januar 2013 var dette talet 34 prosent. Polske statsborgarar heilt utan arbeid har auka frå 10 prosent i januar 2013 til 14 prosent i januar 2014, fortel Anneline Teigen, som og påpeiker at auka i arbeidsløysa i bygg- og anleggsbransjen i stor grad konsentrerer seg om bygg og ikkje anlegg. 49 prosent av dei som står registrert heilt utan arbeid i bygg- og anleggsbransjen er frå Øst Europa.

Høgast arbeidsløyse i nord
Auka i arbeidsløysa fordeler seg relativt jamt mellom kommunane, og denne månaden er det nokre få kommunar med færre arbeidslause samanlikna med same periode i fjor. Dei små kommunane svingar ein del frå månad til månad, medan dei større kommunane har ein meir stabil prosentdel heilt arbeidslause. Stavanger, Eigersund og Time har lågast arbeidsløyse av kommunane med større by områder, med høvesvis 2,0, 2,1 og 2,0 prosent. Sandnes har ei arbeidsløyse på 2,4 prosent, medan Karmøy og Haugesund ligg på høvesvis 3,1 og 3,2 prosent.

Færre ledige stillingar
2 261 stillingar vart lyst ut i januar. Dette er ein nedgang på 15 prosent samanlikna med januar i fjor. Det er store skilnader mellom næringsgruppene. Til dømes er det langt fleire ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg, bygg- og anleggsbransjen og industriarbeid samanlikna med same periode i fjor. – I hovudsak er det større etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft, fortel Anneline Teigen. – Innan ingeniør og ikt-fag og undervisning er det betydeleg nedgang i talet utlyste stillingar. Dette er ein trend vi har sett dei siste månadene, men fortsatt er det mange utlyste stillingar innan desse yrkesgruppene.

Nav