Av Mona Terjesen
For tysdag kjem mellom andre ein svensk og ein dansk proffspelar frå Haugaland handballklubb for å snakke om deira inntrykk av nordmenn – i Tysvær folkebibliotek.
Denne kvelden blir det med støtte frå «Fritt Ord-stiftinga», arrangert temakveld i folkebiblioteket i Tysværtunet. Temaet er den norske folkesjela, eller nærmare bestemt, jakta på ho. «Kven er me eigentleg? Korleis ser me på oss sjølve, og korleis ser andre på oss? Er nordmenn best i klassen? Har velstanden gjort oss arrogante og sjølvgode? Greier me å bevare ei sømmeleg grad av audmjuke?». Dette er nokre av spørsmåla ein skal få svar på. Til å vere med å oppklare, forelese og svare, er førsteamanuensis Bjarne Vandeskog frå HSH invitert. Ein vil også spørje Martin Christensen og Jacob Berglund frå Haugaland HK om deira syn på oss nordmenn.
Les meir i papiravisa