Festkultur i Tysvær

Fleire gonger dei siste månadane har politiet måtta rykke ut til festar som er ute av kontroll i Tysvær.

For mykje folk, for mykje drikke og for høg musikk er tre stikkord. Samt; for unge festdeltakarar.
Korleis ungdommen organiserer desse festane er ikkje lenger noko hokus-pokus å finne ut av. Det skjer på diverse nettstader og ved flittig bruk av mobiltelefonane. Ein treng heller ikkje vere vener eller nettekspert for å fange opp invitasjonar eller marknadsføringa av desse festane.
Med andre ord er det blitt fritt fram for dei som vil ha seg ein fest.
For det er lett for dei som vil øydelegge det som i utgangspunktet kanskje er ein uskuldig fest, kor ungdommar møtest. Spesielt om ein er over 18 år og har alkohol som betalingsmiddel for å komme inn. Dette handlar ikkje berre om uflaks og gjengar som plutseleg dukkar opp i døra. Dette handlar om mykje meir, og mest av alt om tillit og respekt.
Det må kunne stillast spørsmål om kva som blir sagt i forkant av ein fest, kva dei føresette får vite og kva dei tolererar av 15-16 åringar som skal vere heime aleine. Kan me stole på vurderingsevna til ungdommane våre, eller må me som vaksne ta eit mykje større ansvar og faktisk stille dei ubehagelege spørsmåla om kven som kjem, kor gamle dei er og om det blir drikking. Så blir neste spørsmål. Skal ein godta at det blir servert alkohol når arrangørane er under 18 år?
Eit anna spørsmål er om dei vaksne skal blande seg inn i, og på nytt stille spørsmål om kva dei håpefulle har tenkt å gjere i helga når dei skal på overnattingsbesøk til venner og venninner. Er det vaksne heime der dei skal, skal det vere fest, eller skal dei av garde på noko.
Vanskeleg? Sjølvsagt er det vanskeleg.
Likevel blir det både for naivt og dumt og skulde på at ein ikkje var betre sjølv då me var unge. Å stille spørsmål i denne samanhengen handlar ikkje om å blande seg inn, men om å vise at ein bryr seg. Ein må gjere det heilt klart frå dag ein at ein ikkje er blind, men faktisk veit og ser kva som kan skje. I tillegg er det svært bekymringsfullt at 15-16-åringar må ha hjelp av politiet, når festar dei sjølv har konstruert endar i å bli eit fylleslag. Det skjer i Tysvær, det skjer i Haugesund og det skjer overalt.
Og kva gjer ein når politiet seint ein laurdag ringer til deg og spør om du kan komme og hente dottera eller sonen din, fordi dei er så fulle at dei ikkje kan ta vare på seg sjølv.
Tar ein då fram dei fleipete og litt tøffe føresette tonen om at dette er ein del av livets læring, eller er ein så tøff at ein vil gjere noko med det. Tør me ta kampen mot ungdommane våre og seie rett ut at dette finn me oss ikkje i.
Fest, alkohol og høg musikk er ein del av livet, slik er det berre. Men skal me finne oss i at me vaksne ikkje skal vere ein faktor som får dette inn i meir ordna former?
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør