– Nå ber me folket om hjelp til å finne desse, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.
– Nå ber me folket om hjelp til å finne desse, seier lensmannsbetjent Atle Thorbjørnsen.

Ungdomsfestar ute av kontroll

– Ikkje ver naive, følg med på kva ungane dykkar gjer og kven dei er med. Lensmannsbetjent Atle Torbjørnsen åtvarar foreldre mot såkalla «facebook-festar».

Av Mona Terjesen

Nok ein gong kom ein fest som mindreårige arrangerte ut av kontroll. Førre helg inviterte nokre 15 år gamle jenter i Førre til fest mens foreldra var vekkreist. Det resulterte i at «ordet spreidde seg» og rundt 40 ungdommar dukka opp. Politiet mottok klagar og måtte rykke ut for å stoppe festen.

Fare for narkotika
– Det ender opp i mykje arbeid for politiet, erkjenner Torbjørnsen.
I dag, med alle dei sosiale media ryktar det som lettare og det endar ofte opp med at veldig mange kjem på desse festane. Denne gongen gjekk det greitt for seg, men nokre gonger ender det også med alkoholrelatert vald og til med anklagar om seksuelt misbruk, fortel han.
Både Haugaland og Sunnhordland politidistrikt si førebyggande gruppe og foreldreutvala på skulane, jobbar med å få bukt med problematikken. Torbjørnsen påpeiker at ungdommane ikkje er verre i dag enn før, men at dei sosiale media altså gjer at fleire får vite om festane.
– Då dukkar det også gjerne opp eldre unge, folk dei ikkje kjenner frå før, kanskje frå andre miljø. Det kan ende i at nokon tar med seg narkotika og introduserer ungdommane for dette. Det er noko me veldig gjerne vil unngå, nikkar han.

Les heile saka i papirutgåva.