Victor Sandberg skåra fire mål mot Gard Stølen og Kjell Handy. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Victor Sandberg skåra fire mål mot Gard Stølen og Kjell Handy. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Sleit seg til ny heimesiger

HHK-Herulf Moss 31-29 (14-13) Det var ein slitekamp, men HHK nektar å tape heime i Sysco Arena.

Etter å ha leia med eit mål til pause klarte HHK etter kvart å få ei luke på to-tre mål. Den klarte dei å halde på heilt til slutt.
– Det var ein dårleg kamp med mykje rot. Men me gir oss ikkje og har nå plukka med oss sju av åtte poeng dei fire siste kampane. Men imponerande spel var det lite av i dag, sa timålskårar Mathias Meltzer.
Omlag 150 tilskoderar møtte fram mellom OL-sendingane og skapte god stemning i hallen.
– Det viktigaste i dag var å vinne. Det gjekk tross alt greitt, smilte Meltzer.

Meir om kampen i papiravosa på torsdag.