Fleire av skulane i Tysvær treng ei opprusting. I Grinde kan det vere fornuftig med eit nytt skulebygg, meiner Ola S. Apeland. Han ser for seg eit fleirbrukshus som på Frakkagjerd. – Eit 24/7-bygg, seier han. 
Foto: Mona Terjesen
Fleire av skulane i Tysvær treng ei opprusting. I Grinde kan det vere fornuftig med eit nytt skulebygg, meiner Ola S. Apeland. Han ser for seg eit fleirbrukshus som på Frakkagjerd. – Eit 24/7-bygg, seier han.

Er sentrum i byen sentrum i regionen?

Om kort tid vil viktige premisser for areal og transportplanen for Haugalandet leggast fram. Korleis vil det slå ut for Tysvær?

Det lurer mellom anna høgrepolitikar Ola S. Apeland på. Gjennom fleire innlegg har han åtvara mot å tru at alt ordnar seg av seg sjølv. Og når fylkeskommunen den 17. februar har konferanse i Haugesund meiner han at Tysvær klart og tydeleg må ha komme fram med sine innspel.
– Det kan virke som om du er redd for at Tysvær sin langsiktige kommuneplan blir sett til side i fylkesrådmannen sine planar om eit «Storbykonsept» på Haugalandet. Kva er det du fryktar mest som Tysvær-politikar?
– Her snakkar me om å teikne opp «eit kart» som vil gi strenge føringar i framtida og som viser korleis ein ser for seg Haugalandet. Det er snakk om overordna planar for kommunane for kor folk skal bu, og kor me kan arbeide og handle. Dei skissene me ser frå fylkesrådmannen meiner at Haugesund sentrum skal vere sentrum i vår region. Det ser eg på som feil. Regionens reelle sentrum er Raglamyr der Karmøy, Haugesund og Tysvær kommunar møtes. Eg har vanskeleg for å sjå føre meg at det er areal nok i sentrum av Haugesund til å møte ein forventa auke i folketalet framover, seier Apeland.

Les heile saka i papirutgåva